Coop Valle fornyar seg

Share

Gunnar Brottveit var i studio i nyhetstimen i går og fortalde om korleis Coop Valle fornyar seg. Heile innreiinga er skifta ut, det var ein stor jobb å få ut alt det gamle, inn med det nye og få varene på plass i hyllene, mykje skulle på nye plassar.
-Leverandørane måtte stille med folk for å sette på plass varer, fortalde han. På det meste var det 15 – 20 personar i sving. Det var ganske hektisk.

Bakgrunnen for dette er at kjeden sentralt vil profilere alle butikkane likt, og dermed måtte og Valle inn under den nye profilen. Kostnaden vart vel opp mot ein million, trudde Gunnar, som enno ikkje hadde full oversikt. Men det meste vert dekka av kjeden sentralt.

-Butikken er blitt opnare. Vi har sett saman ein del av det som var faghandel før og noko av matvarene er flytt opp på nivået der faghandelen var før. Det ser ut som om kundene synest det er greitt, varene er på nye plassar, men folk finn fram etter kvart.

-Det var godt å få brødskjæremaskinen bort frå plassen han stod på, for der var det helst trongt.
-Ja, han hadde ikkje nokon grei plass, så det var mykje greiare når han vart flytt, seier Gunnar, som og fortel at frå 1. januar skal tobakk ikkje vere synleg i butikken. Det har ført til at butikken har fått ein automat der folk hentar røyken etter at dei har betalt i kassa.
-Det systemet fungerer godt, fortel Gunnar.

Han kunne fortelje at Coop Valle framleis skaffar brunevarer og kvitevarer. At dei skaffar kvitevarer, visste ikkje eg, så eg sa at det seier du ikkje i reklamen på Valle Radio.
-Nei, du har nok rett i det, men vi skaffar altså kvitevarer, smilte han.

Etter dette fekk han forlate studio i Valle Radio for å kome seg heim og få mat etter ein lang dag på jobb. Vi takka for velvilje til å stille opp og ynskte til lukke med oppgraderinga.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *