Habilitet i kommunestyret

Share

Då Sigbjørg Næss var borte frå kommunestyremøtet i kveld, og då Saavi Nomeland ikkje ville veljast til settevararordførar, vart Pål Dale vald. Så kom ein til saka om Emisjon Valle industribygg, sak 10. Der var ordførar og rådmann ugilde. Etter kvart kom det fram at Olav Hovet og Saavi Nomeland og var ugilde, då dei hadde jobba i samarbeid med Valle industribygg.

-Eg vonar at vi vert vedtaksføre, sa Pål etter kvart som fleire var ugilde.

Og det var dei. Kommunestyret vedtok saka utan merknader frå representantane då saka var lagt fram.

Og dermed var Pål tilbake som settevaraordførar.

Då dei kom til saka om folkehøgskole, melde Olav Hovet seg ugild att, for han er leiar av interimstyret som førebur stiftinga av skulen. Steinar Kyrvestad var usamd med han i det, og meinte at han ikkje var ugild. Rådmannen måtte orientere om habilitet, og deretter vart saka teken opp til avstemming. Olav Hovet vart ugild mot tre stemmer.

Deretter brukte kommunestyret fem minutt på saka, det var innlegg frå Olav Henrik Homme og Pål Dale. Det vart peika på at ein måtte bruke anbod ved innkjøp etter reglane, noko ordføraren kommenterte med at dei gjer det kvar dag.

Klokka 19:50 var møtet slutt og folka gjekk til kaffe og vaflar på matstoga.

Dei fyrste 40 minutta av møtet var det orientering om prosjektet “Frå gråberg til gull.” Prosjektleiar Elin Tjordal Haugen var den som hadde orienteringa, ho var frå Suldal og skulle køyre tilbake over fjellet i kolonnekøyring etter orienteringa. Ei fyldig orientering med bilete synte ulike aktørar som prøver å lage prosjekt som kan gje inntekt med utgangspunkt i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane Landskapsvernområde. Noko av det eg merka meg var at ho fortalde at mange folk ville heller ha 20 minuttars turar inn frå kanten av heia og ikkje dagsturar med overnatting langt inne i fjellet. Ho nemnde også at nokre aktørar var miljøsertifiserte, men ikkje så mange enno. Bjåen fjellstove som ligg i kanten av området var i fjor kåra til den hyggelegaste overnattingsbedrifta i Norge.

Etter hennar orientering var det orientering frå rådmannen og assisterande rådmann. Deretter orienterte ordføraren. Han nytta høvet til å slå eit slag for høvisk framferd i kommunestyret og lova å gå føre med eit godt eksempel.

Og så gjekk sakene slag i slag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *