Kildevang 2

Share

Frå Salme 84:
5 Salige er de som bor i ditt hus, de skal alltid love deg. Sela.
6 Salige er de som har sin styrke i deg, de som lengter etter å dra opp til templet.
7 Når de drar igjennom den tørre dal, gjør de den til en kildevang; høstregnet dekker den med signing.
8 De går fra kraft til kraft, til de trer fram for Gud på Sion.

Dette er teksten på den fyrste songen på plata Kildevang, som eg skreiv om i går. Å gjere ein turr dal om til kildevang, det er litt av ei oppgåve. Salmisten peikar på at dei som har sin styrke i Herren Gud, fungerer som haustregnet på turr jord, grunnlaget for vekst finst der.

Av og til møter ein slike menneske. Det er ei velsigning, ein er rikare etter slike møte. Det er som om det tek til å spire og gro i ein sjølv.

I dag har eg kjent meg som ein turr dal i høve til ei oppgåve eg skulle ha på wikipedia. Der har vi ein konkurranse kvar veke, og i nokre veker har eg hatt ansvar for å lage grunnlaget for konkurransen, slik at det er klart når den nye veka startar klokka 00 måndag. Men føre arbeidet med opplegget for konkurransen denne veka, var eg heilt tom, eg hadde ingen idear til opplegget.

Nå er det slik at ein kommuniserer meir og meir på nettet, og for å lage wikipedia er slik kommunikasjon heilt naturleg. Så eg tok kontkakt med nokre andre av dei som skriv på nettleksikonet og spurde om dei hadde høve til å veksle ord med meg. Dei hadde det, og vi snakka litt saman om konkurransen og det som var temaet for neste veke. Det temaet hadde blitt sett opp tidlegare, men ikkje utvikla noko.

Medan vi snakka saman, tok ideane til å forme seg, og etter bare ein halv time var det nok til å gå i gang med å gjere opplegget klart. Så ved midnatt ligg det ein ny konkurranse og ventar på wikipediaskribentar. Komande veke skal det vere eit historisk tema. Vona er at vi skal få nye artiklar og fikse på artiklar vi alt har som er relatert til det temaet.

Eksemplet var enkelt og ikkje spesielt åndeleg, seier du kanskje. Eg er ikkje usamd med deg i det. Men det enkle og det som får kvardagen til å fungere, det er og ein del av livet. Og dei som kom med hjelpa, ante vel knapt sjølve at dei hadde same funksjonen som den salmisten syng om eller at den funksjonen var omtala i salme 84. Og Tormod Lindland, som skreiv sangen som Mandal kantori syng på plata Kildevang, han fekk inspirasjonen til ein vakker sang som la grunnlaget for at eg kunne skrive denne bloggposten i kveld. Om han nokon gong kjem til å lese den, tvilar eg på, men likevel vart han ei slik kjelde til å endre den turre dalen.

Takk for musikken.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *