Kryssord

Share

I Opi sending er det kryssord-teknikkar som vert brukte for å løyse oppgåvene. Det fekk meg til å tenkje på ei oppleving eg hadde i sommar, då vi var på tur til Nord-Norge. I Vesterålens Avis er det kryssord i helgene, og ettersom vi var der ei helg, vart det til at vi løyste oppgåva.

Vertskapet vårt var så vennlege at dei sa at dei trudde vi kom til å vinne, og sanneleg, det gjekk troll i ord, som dei seier, vi vann. Premien var eit Vesterålens Avis-krus. Ettersom vi var reiste då løysinga kom, og avisa har som regel at vinnaren må kome innom og hente premien, gjekk verten vår innom avisa og henta på våre vegner. Det kunne ho godt gjere, for ho var så sikker på at vi kom til å vinne, at ho tok to krus frå si samling av premiar og gav oss før vi reiste, så no sit både eg og Reidun og kosar oss med kaffe i krus frå Vesterålens Avis.

Krus er i det heile ein fin premie, og i mange typar konkurransar er det krus det handlar om. Slik og i opi sending. Etter det eg hugsar, var det Gyro Uppstad som fekk krus siste gongen. Som eg skreiv i går, var det mange telefonar onsdagskvelden. Vi har til regel at vi trekkjer kruset mellom alle som ringjer inn, ikkje bare mellom dei som kjem inn i studio i løpet av sendinga. Då held spaninga seg for alle heilt til slutt.

Sist sundag fekk eg ein telefon med spørsmål om eit par kryssorduttrykk. Vi løyste dei saman og i kveld fekk eg ein ny telefon. Ho som strevde med kryssord sist helg hadde vunne tredje gevinst, som var to flaks-lodd. Dei kom ut i null, så den varige premien var namnet i avisa. Men ho gjekk laus på nye oppgåver denne helga og vi prata litt om nokre av orda i den oppgåva og. Alt før ho tok telefonen til meg, hadde ho klart gata i kryssordet, men det var eit par støtteord som vi kunne snakke litt om. Det gjorde vi, og så sludra vi litt om andre ting i same slengen.

Eg la inn eit godt ord for wikipedia til kryssordløysing, men det var nynorskordboka på nett som kom oss til hjelp då vesle vitet ikkje strakk til. Mange ting har endra seg etter at ein fekk Internett, ja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *