Når straumen vert borte

Share

I kveld vart straumen borte hos oss og naboen. Det var litt rart å sjå fullt opplyste hus hos andre naboar, men det var ikkje anna å gjere enn å ringe til leverandøren og smørje seg med tålmod. Og så heller ta det som ein smak av ei anna tid.

Ikkje TV, ikkje Valle Radio (dei sender no heller ikkje ein laurdagskveld, men Lindesnes Radio gjer det) eller annan radio, ikkje data, ingen musikk, kan ikkje spele på det elektroniske orgelet heller. Bare stearinlys. Og nokre ekstra vedskier i omnen, for varmepumpa tok tidleg kveld. Laurdagskospizzaen vart varma på vedomn, han vart god nok den, men te orka vi ikkje å lage, så det vart kald melk.

Det var nok ein feil i nettet, for etter eit par timar blinka det i lysa att, og så var straumen tilbake, vi høyrde ikkje noko frå feilrettarane, dei har min største vørnad, sjølv om det bare var -3 grader ute. Ikkje så mykje å snakke om, kanskje, dei er vande med å måtte ut i all slags ver, men eg som frys om det vert under 20, kan ikkje anna enn å beundre dei som gjer at samfunnet fungerer.

Utan straum stoppar det meste. Heile det normale livet er basert på at straumen skal vere der: Når vi fyller bensin, treng pumpene straum og når vi betalar med kort, treng vi straum. I våre dagar er det meste av telefonar og straumdrivne. Og fryseboksar og kjøleskap og respiratorar og kuvøser, nå ja, sjukehusa har vel straumaggregat og klarer seg høveleg om straumen går.

Men etter kvart ser ein kor mykje som er basert på straum. I denne kuldeperioden kan eg ikkje anna enn å vere glad for at vi har han, ja eg til og med undrar meg av og til litt over livet før straumen kom. Truleg la folk seg tidlegare enn vi gjer. Men no er det tid for meg og å ta kveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *