Siste dagen i januar-refleksjonar

Share

31. januar, var ikkje det dagen då sjølvmeldinga skulle leverast. Eg hugsar at eg tok turen til Valle rundt midnatt og la konvolutten i postkassen på kommunehuset og var glad då eg hadde gjort årets “på ære og samvit”. No er det slutt, og ein sit heime og leverer elektronisk om nokre månader, etter å ha fått ei ferdigutfylt sjølvmelding tilsendt. Eg saknar ikkje den gamle tida og trur den elektroniske tida er betre med dette og.

På ti til femten år har veldig mykje endra seg i samfunnet. Då vi starta Valle Radio, var det mange som nytta musikk på kasett. Så kom CD-platene og endra det, og no nyttar vi Spotify og har eit kjempestort musikkarkiv til rådvelde. Vi tok opp sendingane på videoband, dei hadde god plass i høve kassettar. No legg vi digitale opptak i arkivet. I mange år fekk eg tilsendt kassettar til tysdagssendinga, no lastar eg det ned over internett, og på internett kan du og høyre sendingane våre om du ikkje er i øvre Setesdal.

På dei åra eg har skrive bloggen, har det blitt eit par tusen innlegg, eg kunne ikkje ha drøymt om det. Og Valle Radio er på Facebook, det er endå eit steg vidare. Målet vårt med desse tiltaka er jo å få kontakt med lydarane på andre måtar enn gjennom telefonen på Opi sending. Slike måtar å halde kontakt med lydarane på vert kalla sosiale medier. Lydarane kan gje tilbakemelding, å lage radio er ikkje bare frå oss til dykk, men og frå dykk til oss.

Sosiale medier er alle medier der publikum kan bidra i ein samanheng. Difor er wikipedia og eit slikt sosialt medium. Eg diskuterer med skribentar som legg inn stoff og saman arbeider vi for å gjere leksikonet betre. I dag vart det sett opp ei liste over dei mest aktive brukarane på wikipedia på bokmål, eg kom på 15. plass.
http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Tinget#Husk_.C3.A5_gi_noen_en_oppmuntring

Det var nokre refleksjonar siste dagen i januar 2010

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *