Takk for det gamle året

Share

Her kjem den oppsummeringa eg snakka om i går.

Melodi: Nå har vi vaska golvet

No er me atter samla til jolebord i dag,
syng same melodien for tredje år i lag.
Ein tradisjon me saman har, den er så fin og flott,
så lat oss saman minnast det året som har gått.

For året som ligg bak oss no – var ganske innhaldsrikt
og litt av det nok passar inn – i jolebordets dikt.
Me først vil gratulere, for mange fekk ein pris,
og songen vår er heder – på litt forsiktig vis:

Paal-Helge fekk St. Olav og var vår æresgjest
då heile bygda stilte opp – og feira det med fest
Og Kvedar-Kim si plate gav lovordstraum så stri
og heder – Årets unge – for to tusen og ni.

Vår felespelar Hallvard fekk kulturpris i år,
og Thomas Viki, avløysar, gjev bønder betre kår.
og midt i sentrum Hasla ligg, dei fekk og heim ein pris
som handverkar markerte seg på aller beste vis.

I år kom motorsporten vår på statsbudsjettet inn,
til hausten startar skulen som – gir glød i kalde kinn.
Og hip-hop kom til Valle på danseverkstad stor
til Stuttgarts reisemesse kom folk frå høge nord.

Om hyttebygging stoppa opp på Furestøyl ei stund
det poppa opp med bustader på Rysstads byggegrunn.
Ny næringshall på Rysstad, i Valle hus for NAV
og ombygging på skulen, det vart det noko av.

Ei kraftlinje vart opna og Bleieboden veks
På Esso får me komper og ikkje bare kjeks.
Motellet kom i gang att, i Øyne verkstad kom,
så mangt og mykje skjedde – som me kan røde om:

Har du hatt influensa – ell’ vart du vaksinert
litt kan du vel fortelje, men ei for detaljert.
Så snu deg til ei side og gje din ven eit smil,
ta turen til buffeten – ein gong og ein gong til.

(Jolebordsong til Valle kommune sitt jolebord 2009)

Diverre vart lagring 31 sekund for seint til å kome på 31. desember. Så får det vere ein god start på eit nytt år i staden. Godt nyttår!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *