Torjus Vatnedalen

Share

Sjølv om eg har budd i Setesdal sidan 1991, er det ikkje mange misjonærar eg har oppdaga som kjem frå Setesdal. I går skreiv eg om Jon Berg, som reiste til Kina i 1946, men bare fekk tre år før han og kona vart jaga ut av landet av kommunistane som tok makta der, og som sidan ikkje kom ut att som misjonær, men fekk si teneste i heimlandet.

Torjus Vatnedalen frå Bykle, fødd 2. februar 1924, reiste ut i 1952. Men han drog til Etiopia saman med kona si, Liv Thue frå Bergen, fødd 22. februar 1927. Torjus gjekk bibelkurs på Drottningborg og deretter Misjonssambandet sin misjonsskule på Fjellhaug i Oslo. Kona hans var etter realskule og handelsskule kontordame i sju år før dei vart vigsla til misjonærar.

Tenesta si fekk dei på fleire stasjonar i Etiopia: Neghelli, Agere Selam, Irgalem og Gidole. Han døydde i Bergen 2. november 2004.

Sigurd Haugsgjerd skreiv i minneordet om han i Bergens Tidende 20. desember 2004: «Han fekk stå sentralt i Misjonssambandet sitt arbeid i pionertida i Sør-Etiopia tidleg på 50-talet og sidan gløymde han aldri etiopiarane. Sjølv om han med åra også tok på seg oppgåver på nye misjonsmarker andre stader i verda, kom han igjen og igjen attende til Sør-Etiopia og misjonsstasjonane der ute. Han elska dette folket, og dei var glade i han. Difor hadde han i åra frå 1953 til 1984 heile seks periodar der ute. Under avbrekka her heime var han både bysekretær i forsamlinga Salem i Bergen (1975-1978 og 1981-1983), krinssekretær i Norsk Luthersk Misjonssamband, Bergen krins (1978-81), og endåtil krinssekretær på Helgeland eit års tid (1989-90).

I tillegg til arbeidsoppgåvene han tok på seg her heime, vart han av hovudstyret i Norsk Luthersk Misjonssamband send for å planleggje det nye arbeidet på Elfenbeinskysten.
Saman med Omund Birkeland frå Birkenes vart han også send til Sør-Amerika for å førebu Misjonssambandet sitt arbeid i Peru og Bolivia.»

Shihuagai

Share

Eg skreiv tidlegare i veka at eg hadde vore på leiting i bokrommet på bruktbutikken i kjellaren på Brennåsen Senter. Den som vert driven på dugnad og der alle inntektene går til nytt menighetshus på Nodeland.

Der fann eg og Norsk misjonsleksikon i tre bind. Det kom ut midt på 1960-talet og dekker misjonsarbeid av norske misjonærar over heile verda. Bak leksikonet står Norsk Misjonsråd, så det er ikkje bare misjonærar får misjonsselskapa innan Den norske kyrkja, men og frå pinsevener og baptistar. Etter å ha bladd litt i dei bøkene, fann eg ei interessant soge eg vil dele med dykk:

Richard Petter Olsen var fødd i Høllen i Søgne 23. april 1876. Han var son av jekteskipper Thomas Olsen og kona Marie. Richard Petter gjekk fylksskule og sidan på Kinamissionen sin misjonsskule. I 1902 vart han vigsla til misjonær og same året sendt til Kina. Der grunnla han misjonsstasjonen som har gjeve tittel til dette innlegget på bloggen. Leksikonet skriv det som Shihwakai, eg har vald ei form som er litt nyare.

Han leia arbeidet her frå 1903 til 1921, deretter var han ved Kunchow stasjon frå 1923 til 1927. Då reiste han tilbake til Norge på grunn av sjukdom. Seinare verka han for misjonen her i landet.

Misjonsstasjonen i Shihuagai vart opna i 1904, same året som Richard Petter Olsen gifta seg med Dorthea Beate Hennich, fødd 9. august 1876. Ho var dotter av skomakarmester August Hennich i Kristiansand og kona Andrea. Ho gjekk «høyere pikeskole» og arbeidde i butikk, men etter eit studieopphald i England vart ho vigsla til misjonær og sendt til Kina i 1903. Året etter vart ho gift på Laohokow misjonsstasjon med Petter Olsen.

Stasjonen som dei bygde opp ligg i Sentral-Kina. Byen var ein marknadsby med om lag 8000 innbyggarar. Richard Olsen kjøpte tomt og sette opp hus, og i 1909 var kyrkja ferdig. Same året vart det opna ein skule for guttar. Alt i 19006 hadde 10 menn blitt døypte, og då kyrkja vart ombygd og utvida i 1938, synte statistikken at kyrkjelydane i distriktet som høyrde til denne stasjonen hadde 153 medlemmer. Åtte preikeplassar og utestasjonar høyrde til denne kyrkja. Det var tre misjonærar der, ein kinesisk forstandar og ti andre kinesiske medarbeidarar.

Så kom andre verdskrig, og då den var over, reiste Jon Berg frå Hylestad til Shihuagai. Han var fødd 12. oktober 1917, son av gardbrukar Arne G. Berg og kona Margit O. Haugeland. Han gjekk framhaldsskule, tok artium og gjekk deretter på Kinamisjonens misjonsskule. I 1946 vart han vigsla til misjonær på Framnes saman med kona si, Berit Mjåset frå Askvoll. Ho var sjukepleiar, utdanna ved Haukeland sjukehus før ho gjekk på Misjonsskolen for kvinner på Fjellhaug. Dei reiste til Shihuagai i 1946, men tida i Kina vart kort. I 1949 kom dei heim att, då kasta kommunistane ut alle misjonærane. Sidan reiste Jon som forkynnar i Misjonssambandet og seinare for Norsk Luthersk Lekmannsmisjon. Etter kvart busette dei seg på Lunde i Telemark, der dei budde resten av livet.

Meir gull

Share

Sanneleg fekk ikkje det norske jentelaget gull i stafett i OL i Vancouver. Vibeke Skofterud, med ei fortid på Hovden, Therese Johaug, Kirsten Størmer Steira og Marit Bjørgen gjekk kvar sine gode etappar og kunne juble i målområdet til slutt.

Eg har blitt sitjande rimeleg fjetra og sjå på stafettar i OL. I går kveld var det herrestafett, og der vart det sylv til slutt. Og i dag lærte eg mykje nytt om skipreparering og kanskje eitt og anna om pengemakt og marknadsføring då min kollega Øystein Berg fortalde litt om den vitenskapen som smørjarane står for. At Oddbjørn Hjelmeseth fekk is under skia og difor fekk problem i klassisk del av stafetten, det er mest ikkje til å tru, meinte han.

Sjølv har eg ikkje noko eg skulle ha sagt om slike ting, det er vel nærare 30 år, om ikkje meir, sidan eg hadde ski på føtene. Den gongen klabba det så eg framleis hugsar irritasjonen. Eg tok plankane av føtene og sa aldri meir, og det har eg halde. Men at dei som lever av og for dette i vår tid heller ikkje klarar å unngå is under skia når det gjeld som mest, det er noko ein kan undre på, i alle fall ei stund.

Men då dei kom i mål, sa jentene at dei hadde hatt gode ski.

Øystein fortalde at det er mykje pengar i dette gamet, ein liten boks med pulver dei nyttar for å få god gli, kostar 800 kroner. Desse toppidrottutøvarane har mange par ski, og når ein ser på prisen på ski som vanlege folk kjøper, skjøner ein at det må vere vanskeleg å drive med dette på høgt nivå, for det kostar flesk.

Nå er det vel tre veker til Sesilåmi, mange av dei som skal gå der, handlar utstyr og skismurning i slike mengder at betalingskortet mest går varmt. Likevel klabbar det i Kvislevass-skaret, nokre år så mykje at folk stoppar for å smørje om før dei går vidare.

Eg tippar at Sesilåmi vert tema i Valle Radio ein av dei neste onsdagane. Vi har ofte snakka om deltakartal og påmeldte, sjeldnare om utstyret og smørjeproblem. Kankskje det burde vere temaet for det neste innslaget om arrangementet.

Shadow Songs

Share

Tysdagskvelden hadde eg annonsert at eg skulle sende ein tale av Elin Fagerbakke, det var eit opptak frå eit møte som Bjørgulv T. hadde gjort. Men opptaket nådde meg ikkje i tide, og då fekk eg snu på flisa og finne noko anna eg kunne bruke.

Tidlegare på dagen hadde Lisbeth på biblioteket skaffa meg Shadow Songs, ei plate av Harald Bjørkøy og Hilde Haraldsen Sveen. Vi snakka om at den kunne høve til å ha eit program om i Valle Radio, den hadde 24 songar av komponistar som levde i skuggen av Edvard Grieg.

Eg hadde plata med meg i radioen, så eg tenkte at eg like godt kunne nytte den. Det vart ein time med ein heilt anna type musikk, klassisk musikk med informasjon om seks norske komponistar. Alle har artiklar på wikipedia, og eg hadde skrive om plata der tidlegare på dagen, så det var rimeleg lett å nytte stoffet.

Eg har to praktiske ankepunkt mot plata:
1. Det er ikkje sagt kven som syng på dei ulike spora, så ein veit ikkje om ein får høyre tenoren Harald Bjørkøy eller sopranen Hilde Haraldsen Sveen, eller om dei syng duett.
2. Det er heller ikkje sagt kven som har skrive tekstane til dei komposisjonane. Det er og eit ankepunkt, og det står att ein del detektivarbeid før artikkelen på wikipedia seier noko om dette.

I programmet spelte eg desse kutta:
Av Ole Olsen:
Humoreske
Paa fjeldet
Irmelin Rose

Av Gerhard Schjelderup:
Mai
Mein Leben
Leitande etter Blaamann

Av Catharinus Elling:
Im wunderschönen Monat Mai
Agnes, min deilige sommerfugl

Av Johannes Haarklou:
Haukeligauken
Amors magt

Av Arne Eggen:
Solfager

Av Hjalmar Borgström:
Spillemænd
Småpiger
Abendlied

Du finn mykje informasjon om artistar og komponistar når du går til artikkelen på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Shadow_Songs

Sangkveld Lær meg å kjenne

Share

I kveld hadde eg sangkveld i Valle Radio att. Eg vart inspirert til å spele Lær meg å kjenne dine veie, og den fyrste halvtimen var denne songen tema. Fyrst med Stein Ove Berg, deretter som instrumental med Arne Domnerus sine evergreens fra bedehuset. Deretter kom Sissel Kyrkjebø som bare syng eitt vers før eg avslutta med Sigvart Dagsland sin versjon, han har alle versa. Innimellom hadde eg kommentarar frå artikkelen på wikipedia, som eg skreiv i dag: http://no.wikipedia.org/wiki/Jakob_Paulli Der er det og lenke til salmebloggen til Leif Haugen, så du kan lese det som han skriv.

Det var lett å gå vidare til The Love of God med David Phelps, live-opptak frå Birmingham. Du kan lese om han her: http://no.wikipedia.org/wiki/David_Phelps Det er blitt ei stund sidan eg skreiv om han, eg trur det var etter at eg hadde hatt om han her i radioen for ei tid tilbake at eg skreiv om han. I kveld song han The Love of God. (Guds kjærlighet er langt, langt større). Eg fann eit kutt på youTube med David Phelps, og det kan du gjerne høyre både ein og fleire gonger: http://www.youtube.com/watch?v=vbE_xlmF38I

Den hadde eg ikkje på norsk, så eg gjekk til The Choirs of Britain Cathedrals: The God of Love my Shepherd is. Frå den var vegen kort til CD-plata Faire is the heaven med Choir of St. John’s, Elora i Ontario, Canada. Her fekk vi to kjende songar: The day Thou gavest og Abide with me. Eg prøvde å finne den fyrste på norsk, Den dag du gav oss, men det var bare ein instrumentalversjon. Men Nidarosdomens guttekor hadde sunge inn O, bli hos meg, så den kunne eg spele etterpå, og då var tida ute.

Planen var då at eg skulle sende ein tale av Elin Fagerbakke, men opptaket som eg skulle få frå Bjørgulv T. Berg, kom ikkje i studio i tide til sendinga, så det får kome ein annan gong.

Bruktbutikk

Share

Bruktbutikkar er kjelder til mange oppdagingar. I dag stakk eg innom bruktbutikken på Brennåsen då eg var på veg oppover etter helga i Mandal. Dei opnar klokka 12, så då eg kom forbi, hadde dei akkurat låst opp i underetasjen på Brennåsen senter.

-Kan eg hjelpe deg, spurde dei tre bak disken i kor.
-Eg vil gjerne sjå på bøker, svara eg
-Då må du gå inn i romet der, sa dei og peika.

Og der inne var det nok å velje mellom. Eg hadde ingen sjanse til å få oversikt over alt dei hadde, men noko fanga augo mine etter kvart.

Ei melodibok, aldersstegen så det heldt, men melodiane var no der, det var bare å finne piano og spele. Gjeven ut av adventistane sitt ungdomsforbund, den måtte vel vere interessant å ta med seg, tenkte eg. Noter er alltid bra om ein har eit piano.

Ei bok av John Olav Larssen, talane han heldt i 1957 i Storsalen i Oslo. Det var før vekkingsmøtene på Jordal Amfi, som gjorde min no avdøde venn kjent over heile landet.

Og eit musikkleksikon, det høver bra når eg skal skrive om komponistar på wikipedia. Anker og Gurvin, det og frå 1950-talet.

Det fine med handelen var prisen. Bøkene kosta bare 20 kroner om ikkje noko anna var sett på dei. Så eg vart jo ikkje fattig av å handle der. Problemet er at eg har nokså fullt, det er litt som det innslaget som var på Kveldsnytt i dag, i høve at Mammutsalget opna. Vi fylgde ein 80 år gammal boksamlar, tidlegare oljebyråkrat, var heimom hjå han og såg alle bokhyllene. I avisa i dag stod det om ein mann som 1,3 kilometer med bøker. Truleg hadde ikkje den vi såg på TV så mange, men tidvis føler eg at eg har det, og familien min føler det i alle fall, og så er det nok ikkje på langt nær så mykje.

Difor må eg vere forsiktig når eg kjem i ein bruktbokhandel. Strengt utval og leggje att det meste. Slik vart det denne gongen og, men eg ser ikkje bort frå at eg kan kome til å stoppe att.

Alle inntektene går til det nye menighetshuset på Nodeland. Eit så edelt formål bør ein jo støtte, meiner ikkje du og det?

Program for veke 8

Share

Tysdag 23. februar

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:30 Elin Fagerbakke talar
20:10 Nytt frå kyrkje- og kristenliv landet rundt
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 24. februar

Teknikar: Torhild Sandnes

18:00 Kommunestyremøte

Høyr på Valle Radio: http://www.valleradio.com
Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no

Kjetil Rike i studio

Share

I høve den nye plata som Kjetil Rike har gjeve ut, inviterte Ørnulf han til studio i Valle Radio onsdagskvelden. Her fortalde han om korleis plata vart til og kor god hjelp han hadde hatt av Kjetil Carolis Jore, som har godt opptaksutstyr. I tillegg til songane der han akkampagnerer seg sjølv på trekkspel, slik han så ofte har gjort og slik vi kjenner han, var det tre songar på plata der Tonhild Kråkenes spelte på orgelet i Valle kyrkje.

Kjetil har sunge heile livet, han kjem frå ein sangglad familie. Vi har hatt noko av musikken hans i Valle Radio frå før, mellom anna hadde han sunge inn Der roser aldri dør, og mange har ønskt seg den songen saman med helsingar i radioen. Den er kome med på plata. Her er lista over spora:

1. Der roser aldri dør 3:23
2. Vis meg veien, kjære frelser 2:53
3. Eg ville gjerne eiga 3:34
4. Den ville sauen 2:59
5. Eg veit i himmerik ei borg 2:40
6. Å, det er salig å ha en venn 2:38
7. Understrenjin stev 3:11
8. Tenn meg, Jesus 2:13
9. Jeg arving er 3:12
10. Kven kan seia ut den glede 2:18
11. Han er min sang og min glede 1:56
12. Du kjem ikkje utanom Jesus 2:43
13. Himmel-losen 2:16
14. Eg er ein gjest i verda 3:39
15. Gud han gav sin kjære sønn 3:00
16. Hvilken venn vi har i Jesus 2.27
17. Jeg må ha min frelser med meg 1:59
18. La meg få høre om Jesus 3:15
19. Han fant meg 2:16
20. Kallen og katten 4:31
21. Glade jol 2:51
22. Deilig er jorden 1:57

Eg la inn informasjon på Setesdalswiki, her har du lenke:
http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Kjetil_Rike

Sangkveld

Share

Tysdagskvelden laga eg sangkveld med desse songane:

Rock of Ages med Mormon Tabernacle Choir
Klippe du som brast for meg med Bjøro Håland
Abide with me med Mormon Tabernacle Choir
O bli hos meg med Nidarosdomens guttekor
A mighty fortress med Mormon Tabernacle Choir
Vår Gud han er så fast ei borg – orgelkoral spelt av Ove Kr. Sundberg
Vår Gud han er så fast en borg – Oslo domkor
The Lord is my shepherd med Mormon Tabernacle Choir
Herren er min hyrding frå kantaten Kong David av Edvard Hoem og Ragnar Bjerkrheim,
Herren er min hyrde med Oslo Gospel Choir.

Det var altså Mormon Tabernacle Choir som var gjennomgangskor denne kvelden. Du kan lese meir om dette koret her: http://no.wikipedia.org/wiki/Mormonkoret
Eg henta stoff om songane frå fleire kjelder, mellom anna Salmebloggen til Leif Haugen, som ofte har god informasjon: http://leifhaugen.weblogg.no/270107223012_klippe_du_som_brast_for_meg.html
Asbjørn Kvalbein har skrive om O bli hos meg: http://www.norea.no/page.php?mtid=51&elid=2821
På nynorsk wikipedia finn vi stoff om Vår Gud han er så fast ei borg: http://nn.wikipedia.org/wiki/V%C3%A5r_Gud_han_er_s%C3%A5_fast_ei_borg
Og Jvarhaug har skrive om Salme 23 på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Salme_23
Den siste fekk eg ikkje høve til å fortelje så mykje om. Du kan jo lese det sjølv. Så kan eg sjå om eg finn noko meir til eit seinare program.

Prestesaka ein gong til

Share

Arne Skare vart onsdag dømt til 30 dagers betinget fengsel og en bot på 25 000 kr. Retten meinte at tiltalte ikkje var truverdig og at han har løyet og fortidd ei rekke opplysningar som gjer hans truverde svært liten.

I sendinga i går kveld tok Ørnulf opp dommen i prestesaka med Ole Birger Lien. Etter at dei hadde snakka saman ei stund, ringte dei til biskop Olav Skjevesland og snakka med han i eit kvarter.

– Prestetjenesten lever av tillit, sa biskopen, som meinte at Arne Skare ikkje lenger hadde tillit. Eg kan ikke sjå at det er nokon veg tilbake, sa han og fortalde at han skulle til Oslo i neste veke for å samrå seg om vegen vidare med kyrkjedepartementet.

Ørnulf las opp dommen i radioen. Den er ennå ikkje rettskraftig. Det kom fram at Skare ville anke dommen, det hadde forsvararen hans sagt.

I samtalen med biskopen tok dei opp spørsmålet om prestetenesta i Bykle og Valle. No er det vikar for geistlege tenester og kyrkjeverja i Bykle står for konfirmantundervisninga. Spørsmålet om utlysing av stillinga er vanskeleg, for som arbeidstakar har presten visse rettar, så Skjevesland kunne ikkje seie noko om kva tid det ville skje.

Her er domsslutninga:
SLUTNING
I Arne Emil Skare, født 18. april 1974, dømmes for:
2 – to – overtredelser av straffeloven § 171 nr 1 Gjerningstidspunkt: 24.04. og 06.06.2009

Straffen settes til fengsel i 30 – tretti – dager. Fullbyrdelsen av straffen utsettes i medhold av straffeloven §§ 52-54 med en prøvetid på 2 – to – år. Han dømmes videre til en ubetinget bot på 25.000 – tjuefemtusenkroner, subsidiært fengsel i 15 – femten – dager.

Straffutmålingsbestemmelser: straffeloven § 62 første ledd
II Arne Emil Skare, født 18. april 1974, betaler saksomkostninger med kr 5.000 – femtusen.

Retten hevet
Marit Thorvaldsen
Malmfrid Nyborg Homme , Fredrik Langfeldt
Dommen forkynnes for domfelte i samsvar med det som fremkommer av rettsboken.

Kopi av dommen sendes til forsvarer, advokat Sveinung S. Johnsen.

Her er lenke til heile dommen: http://www.fvn.no/lokalt/kristiansand/article742121.ece