Setesdølen 35 år

Share

Eg stiller meg i rekka av gratulantar i høve at Setesdølen feirar 35 år med å kome som dagsavis første veka i februar. Om ein skal døme etter mandagsavisa, har vi mykje godt stoff i vente.

Mellom anna fann eg eit intervju med Valle-ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund i ein serie dei har kalla Dagens ordførar. Der trekkjer han fram utfordringar og gledelege hendingar. Den største utfordringa blir å snu folketalsutviklinga, på ti år har talet gått frå 1450 til under 1300, det er ein nedgang på 10% på ti år.

Det mest gledelege som hende i fjor meiner han var folkehøgskulen. Nå vert utfordringa å klare å realisere den, og kommunestyret vedtok samrøystes å opprette stiftinga som skal drive folkehøgskolen u siste møte. Men tida er knapp og mykje skal gjerast før elevane kjem, så dei har ikkje meir tid enn dei må ha for å klare å realisere prosjektet i år.

Eg skal ikkje ta opp fleire tema frå intervjuet på side 3 i Setesdølen for i dag. I samtalen med Ole Birger Lien har han nokre fleire moment til ettertanke. Men eg laga eit stev etter å ha lese saka:

For Bjørgulv Lund går ho raskt no, klokka,
så mangt og mykje han har på blokka.
Fremst skulesaker og folketal,
om vel eit år er det atter val.