Fleire ordførarstev

Share

Etter å ha skrive ordførarstev fyrst i veka, vart det ein pause, men no er eg i gang att. I dagens Setesdølen hadde Ole Birger Lien intervju med Evje-ordføraren Bjørn A. Ropstad, og då eg hadde lese det, laga eg dette stevet:

På næringsliv satsar Bjørn A. Ropstad,
vil gjere Evje til Agders toppstad.
Dei sentrumsplanen har smidd for oss,
men kva skal gjerast med Fennefoss?

I avisa tysdag hadde Ole Birger intervju med Knut A. Austad. Det er jo ikkje bare intervjuet som dannar grunnlaget for stevet, det kan fort vere inntrykk ein har fått gjennom Setesdølen i ulike samanhengar.

Så mykje negativt har han hausta,
no målet fullt er for Knut A. Austad.
Det positive må fokus ha
om Byglands-bygda skal verte bra.

Å lage eit stev til intervjuet Ole Birger hadde med Oddmund Ljosland er ei litt anna oppgåve, for Åseral er ein kommune eg ikkje har noko særleg tilhøve til. Den høyrer både til Mandals-regionen og til Evje sitt nærområde. Men eg får vel prøve meg på nokre linjer, når Ole Birger har laga eit intervju med han.

I Åseral har dei bygg i sinne,
den store opptur blir Oddmunds Minne,
Dei mykje anna og byggje vil
om dei får ordne det heile til.