Prestesaka

Share

I går måtte eg lage stoff på prestesaka i Valle i sendinga. Eg skreiv tidlegare at eg fann det vanskeleg å skrive om den, det var ikkje lettare å lage program om den. Men eg laut gjere det og valde å snakke med forsvararen hans, advokat Sveinung Søndervik Johnsen i den aktuelle timen.

Johnsen fortalde at saka var unik, han hadde ikkje vore borte i noko liknande eller høyrt om nokon som hadde vore det, og heller ikkje i litteraturen finst det noko som liknar. Han meinte vel og at politiet ikkje hadde bevis som kunne føre til at klienten hans vart dømd. Han forklarte og at dommen kjem neste onsdag og at han vil få den då. Det same vil pressa. Men Arne Skare sjølv vil ikkje få den formelt før veka etter, for den skal sendast til lensmannskontoret der han bur, og så skal den verte forkynt for han der. -Då veit han nok innhaldet, for eg vil ta kontakt med han når eg får dommen, sa Johnsen.

Eg hadde avtalt med Ole Birger Lien om å ringe han klokka 20, så kunne vi ha ein prat. Og så hadde eg invitert redaktøren vår, Ørnulf Hasla, som ikkje fylgde saka, og klokkar Karin Bøe, som var i rettssalen det meste av tida, men ikkje frå starten den fyrste dagen. Vi snakka då om dette og det var i grunnen fleire spørsmål enn svar i den samtalen, men Ole Birger trudde vel at saka kom til å verte anka, same kva utfall ho fekk. Han lova eit interessant oppsalg i Setesdølen i morgon, medan Karin Bøe streka under at saka etter hennar meining synte at både “lensmann og prest” i grunnen er heilt alminnelege folk. Fleire spørsmål til politiet fekk ikkje svar, for dei hadde ikkje undersøkt det, og det var ikkje alt presten hugsa heller no lenger.

Vi runda av etter 35 minutt og let siste del av timen frå 20 til 21 gå til musikk som Marcel Tiedje, kveldens teknikar fann på Spotify. Diverre var Internett i ulage denne kvelden, så musikken kom litt i klumpevis. Då Ørnulf tok kontakt med Jørund, fekk vi vite at dei heldt på med ei oppgradering av nettet akkurat denne kvelden.

Seinare i går kveld fekk eg sjå ein artikkel av Inge D. Hansen i Aftenposten for 9. februar side 12 om saka. Det synte seg at Aftenpostens kriminalkommentator, som ofte kommenterer rettssaker, hadde vore i Valle og høyrt på saka. Han skriv: DET ER TROLIG første gang i norsk rettshistorie at en sogneprest er tiltalt for å ha iscenesatt trusler mot seg selv. …… Det er ikke bare folk i bygda som undrer seg; i retten er det ikke fremkommet noe sannsynlig motiv for handlingene. Diverre ligg ikkje denne kommentaren på internett. Hadde eg sett den før sendinga, hadde eg truleg sitert frå den i programmet.