Sangkveld Lær meg å kjenne

Share

I kveld hadde eg sangkveld i Valle Radio att. Eg vart inspirert til å spele Lær meg å kjenne dine veie, og den fyrste halvtimen var denne songen tema. Fyrst med Stein Ove Berg, deretter som instrumental med Arne Domnerus sine evergreens fra bedehuset. Deretter kom Sissel Kyrkjebø som bare syng eitt vers før eg avslutta med Sigvart Dagsland sin versjon, han har alle versa. Innimellom hadde eg kommentarar frå artikkelen på wikipedia, som eg skreiv i dag: http://no.wikipedia.org/wiki/Jakob_Paulli Der er det og lenke til salmebloggen til Leif Haugen, så du kan lese det som han skriv.

Det var lett å gå vidare til The Love of God med David Phelps, live-opptak frå Birmingham. Du kan lese om han her: http://no.wikipedia.org/wiki/David_Phelps Det er blitt ei stund sidan eg skreiv om han, eg trur det var etter at eg hadde hatt om han her i radioen for ei tid tilbake at eg skreiv om han. I kveld song han The Love of God. (Guds kjærlighet er langt, langt større). Eg fann eit kutt på youTube med David Phelps, og det kan du gjerne høyre både ein og fleire gonger: http://www.youtube.com/watch?v=vbE_xlmF38I

Den hadde eg ikkje på norsk, så eg gjekk til The Choirs of Britain Cathedrals: The God of Love my Shepherd is. Frå den var vegen kort til CD-plata Faire is the heaven med Choir of St. John’s, Elora i Ontario, Canada. Her fekk vi to kjende songar: The day Thou gavest og Abide with me. Eg prøvde å finne den fyrste på norsk, Den dag du gav oss, men det var bare ein instrumentalversjon. Men Nidarosdomens guttekor hadde sunge inn O, bli hos meg, så den kunne eg spele etterpå, og då var tida ute.

Planen var då at eg skulle sende ein tale av Elin Fagerbakke, men opptaket som eg skulle få frå Bjørgulv T. Berg, kom ikkje i studio i tide til sendinga, så det får kome ein annan gong.

Bruktbutikk

Share

Bruktbutikkar er kjelder til mange oppdagingar. I dag stakk eg innom bruktbutikken på Brennåsen då eg var på veg oppover etter helga i Mandal. Dei opnar klokka 12, så då eg kom forbi, hadde dei akkurat låst opp i underetasjen på Brennåsen senter.

-Kan eg hjelpe deg, spurde dei tre bak disken i kor.
-Eg vil gjerne sjå på bøker, svara eg
-Då må du gå inn i romet der, sa dei og peika.

Og der inne var det nok å velje mellom. Eg hadde ingen sjanse til å få oversikt over alt dei hadde, men noko fanga augo mine etter kvart.

Ei melodibok, aldersstegen så det heldt, men melodiane var no der, det var bare å finne piano og spele. Gjeven ut av adventistane sitt ungdomsforbund, den måtte vel vere interessant å ta med seg, tenkte eg. Noter er alltid bra om ein har eit piano.

Ei bok av John Olav Larssen, talane han heldt i 1957 i Storsalen i Oslo. Det var før vekkingsmøtene på Jordal Amfi, som gjorde min no avdøde venn kjent over heile landet.

Og eit musikkleksikon, det høver bra når eg skal skrive om komponistar på wikipedia. Anker og Gurvin, det og frå 1950-talet.

Det fine med handelen var prisen. Bøkene kosta bare 20 kroner om ikkje noko anna var sett på dei. Så eg vart jo ikkje fattig av å handle der. Problemet er at eg har nokså fullt, det er litt som det innslaget som var på Kveldsnytt i dag, i høve at Mammutsalget opna. Vi fylgde ein 80 år gammal boksamlar, tidlegare oljebyråkrat, var heimom hjå han og såg alle bokhyllene. I avisa i dag stod det om ein mann som 1,3 kilometer med bøker. Truleg hadde ikkje den vi såg på TV så mange, men tidvis føler eg at eg har det, og familien min føler det i alle fall, og så er det nok ikkje på langt nær så mykje.

Difor må eg vere forsiktig når eg kjem i ein bruktbokhandel. Strengt utval og leggje att det meste. Slik vart det denne gongen og, men eg ser ikkje bort frå at eg kan kome til å stoppe att.

Alle inntektene går til det nye menighetshuset på Nodeland. Eit så edelt formål bør ein jo støtte, meiner ikkje du og det?