Torjus Vatnedalen

Share

Sjølv om eg har budd i Setesdal sidan 1991, er det ikkje mange misjonærar eg har oppdaga som kjem frå Setesdal. I går skreiv eg om Jon Berg, som reiste til Kina i 1946, men bare fekk tre år før han og kona vart jaga ut av landet av kommunistane som tok makta der, og som sidan ikkje kom ut att som misjonær, men fekk si teneste i heimlandet.

Torjus Vatnedalen frå Bykle, fødd 2. februar 1924, reiste ut i 1952. Men han drog til Etiopia saman med kona si, Liv Thue frå Bergen, fødd 22. februar 1927. Torjus gjekk bibelkurs på Drottningborg og deretter Misjonssambandet sin misjonsskule på Fjellhaug i Oslo. Kona hans var etter realskule og handelsskule kontordame i sju år før dei vart vigsla til misjonærar.

Tenesta si fekk dei på fleire stasjonar i Etiopia: Neghelli, Agere Selam, Irgalem og Gidole. Han døydde i Bergen 2. november 2004.

Sigurd Haugsgjerd skreiv i minneordet om han i Bergens Tidende 20. desember 2004: “Han fekk stå sentralt i Misjonssambandet sitt arbeid i pionertida i Sør-Etiopia tidleg på 50-talet og sidan gløymde han aldri etiopiarane. Sjølv om han med åra også tok på seg oppgåver på nye misjonsmarker andre stader i verda, kom han igjen og igjen attende til Sør-Etiopia og misjonsstasjonane der ute. Han elska dette folket, og dei var glade i han. Difor hadde han i åra frå 1953 til 1984 heile seks periodar der ute. Under avbrekka her heime var han både bysekretær i forsamlinga Salem i Bergen (1975-1978 og 1981-1983), krinssekretær i Norsk Luthersk Misjonssamband, Bergen krins (1978-81), og endåtil krinssekretær på Helgeland eit års tid (1989-90).

I tillegg til arbeidsoppgåvene han tok på seg her heime, vart han av hovudstyret i Norsk Luthersk Misjonssamband send for å planleggje det nye arbeidet på Elfenbeinskysten.
Saman med Omund Birkeland frå Birkenes vart han også send til Sør-Amerika for å førebu Misjonssambandet sitt arbeid i Peru og Bolivia.”