Meir gull

Share

Sanneleg fekk ikkje det norske jentelaget gull i stafett i OL i Vancouver. Vibeke Skofterud, med ei fortid på Hovden, Therese Johaug, Kirsten Størmer Steira og Marit Bjørgen gjekk kvar sine gode etappar og kunne juble i målområdet til slutt.

Eg har blitt sitjande rimeleg fjetra og sjå på stafettar i OL. I går kveld var det herrestafett, og der vart det sylv til slutt. Og i dag lærte eg mykje nytt om skipreparering og kanskje eitt og anna om pengemakt og marknadsføring då min kollega Øystein Berg fortalde litt om den vitenskapen som smørjarane står for. At Oddbjørn Hjelmeseth fekk is under skia og difor fekk problem i klassisk del av stafetten, det er mest ikkje til å tru, meinte han.

Sjølv har eg ikkje noko eg skulle ha sagt om slike ting, det er vel nærare 30 år, om ikkje meir, sidan eg hadde ski på føtene. Den gongen klabba det så eg framleis hugsar irritasjonen. Eg tok plankane av føtene og sa aldri meir, og det har eg halde. Men at dei som lever av og for dette i vår tid heller ikkje klarar å unngå is under skia når det gjeld som mest, det er noko ein kan undre på, i alle fall ei stund.

Men då dei kom i mål, sa jentene at dei hadde hatt gode ski.

Øystein fortalde at det er mykje pengar i dette gamet, ein liten boks med pulver dei nyttar for å få god gli, kostar 800 kroner. Desse toppidrottutøvarane har mange par ski, og når ein ser på prisen på ski som vanlege folk kjøper, skjøner ein at det må vere vanskeleg å drive med dette på høgt nivå, for det kostar flesk.

Nå er det vel tre veker til Sesilåmi, mange av dei som skal gå der, handlar utstyr og skismurning i slike mengder at betalingskortet mest går varmt. Likevel klabbar det i Kvislevass-skaret, nokre år så mykje at folk stoppar for å smørje om før dei går vidare.

Eg tippar at Sesilåmi vert tema i Valle Radio ein av dei neste onsdagane. Vi har ofte snakka om deltakartal og påmeldte, sjeldnare om utstyret og smørjeproblem. Kankskje det burde vere temaet for det neste innslaget om arrangementet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *