Ole Magnus Olafsrud

Share

I går fekk dei som ikkje var i Bykle kyrkje laurdagskvelden høve til å høyre frå talen til Ole Magnus Olafsrud. Han talte om kor viktig det er at eldre kristne ser kva dei unge held på med og fylgjer opp det dei gjer. Eit døme han hadde var frå ein ungdomsklubb der vaksne folk var på kjøkkenet for å stelle mat og vaske og rydde og korleis ungdommane kappast om å bere ut frå borda og få ein prat med dei vaksne, dei melde seg visst til og med frivillig til oppvask.

Ole Magnus Olafsrud har vore knytt til Navigatørene, ei rørsle som har ungdom som målgruppe og han har jobba mykje med unge heimar-program. Han har og skrive fleire bøker. Ei av desse er Langs samme vei, som han skreiv saman med Tonje Haugeto Stang og Tor Martin Synnes. Det er ei bok som inspirerer og utruster medvandrarar til å sjå, oppmuntre, og utvikle menneske langs deira livsveg. Ho handlar om kristenlivet. Om Jesus-relasjonen, nåde, modning, sårbarhet og behovet for medvandrarar. Ho har kome i 3 opplag med til saman 9000 eksemplar.
Her er lenke til meir informasjon om boka: http://www.navigatorene.no/index.php?art=15

Ei anna bok er Der du er. Den har kome i 8 opplag, til saman 23.000 eksemplar.
-Det er den einaste boka eg har skrive sjølv, sa han på møtet. Her er lenke til den: http://www.navigatorene.no/index.php?kat=40&mid=38

Og her er lenke til eit intervju som Rolf Ekenes gjorde med Olafsrud om der han fortel om mange av dei emna han var innom i Bykle kyrkje: http://www.delk.no/showarticle.php?id=251

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *