Shadow Songs

Share

Tysdagskvelden hadde eg annonsert at eg skulle sende ein tale av Elin Fagerbakke, det var eit opptak frå eit møte som Bjørgulv T. hadde gjort. Men opptaket nådde meg ikkje i tide, og då fekk eg snu på flisa og finne noko anna eg kunne bruke.

Tidlegare på dagen hadde Lisbeth på biblioteket skaffa meg Shadow Songs, ei plate av Harald Bjørkøy og Hilde Haraldsen Sveen. Vi snakka om at den kunne høve til å ha eit program om i Valle Radio, den hadde 24 songar av komponistar som levde i skuggen av Edvard Grieg.

Eg hadde plata med meg i radioen, så eg tenkte at eg like godt kunne nytte den. Det vart ein time med ein heilt anna type musikk, klassisk musikk med informasjon om seks norske komponistar. Alle har artiklar på wikipedia, og eg hadde skrive om plata der tidlegare på dagen, så det var rimeleg lett å nytte stoffet.

Eg har to praktiske ankepunkt mot plata:
1. Det er ikkje sagt kven som syng på dei ulike spora, så ein veit ikkje om ein får høyre tenoren Harald Bjørkøy eller sopranen Hilde Haraldsen Sveen, eller om dei syng duett.
2. Det er heller ikkje sagt kven som har skrive tekstane til dei komposisjonane. Det er og eit ankepunkt, og det står att ein del detektivarbeid før artikkelen på wikipedia seier noko om dette.

I programmet spelte eg desse kutta:
Av Ole Olsen:
Humoreske
Paa fjeldet
Irmelin Rose

Av Gerhard Schjelderup:
Mai
Mein Leben
Leitande etter Blaamann

Av Catharinus Elling:
Im wunderschönen Monat Mai
Agnes, min deilige sommerfugl

Av Johannes Haarklou:
Haukeligauken
Amors magt

Av Arne Eggen:
Solfager

Av Hjalmar Borgström:
Spillemænd
Småpiger
Abendlied

Du finn mykje informasjon om artistar og komponistar når du går til artikkelen på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Shadow_Songs

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *