Shihuagai

Share

Eg skreiv tidlegare i veka at eg hadde vore på leiting i bokrommet på bruktbutikken i kjellaren på Brennåsen Senter. Den som vert driven på dugnad og der alle inntektene går til nytt menighetshus på Nodeland.

Der fann eg og Norsk misjonsleksikon i tre bind. Det kom ut midt på 1960-talet og dekker misjonsarbeid av norske misjonærar over heile verda. Bak leksikonet står Norsk Misjonsråd, så det er ikkje bare misjonærar får misjonsselskapa innan Den norske kyrkja, men og frå pinsevener og baptistar. Etter å ha bladd litt i dei bøkene, fann eg ei interessant soge eg vil dele med dykk:

Richard Petter Olsen var fødd i Høllen i Søgne 23. april 1876. Han var son av jekteskipper Thomas Olsen og kona Marie. Richard Petter gjekk fylksskule og sidan på Kinamissionen sin misjonsskule. I 1902 vart han vigsla til misjonær og same året sendt til Kina. Der grunnla han misjonsstasjonen som har gjeve tittel til dette innlegget på bloggen. Leksikonet skriv det som Shihwakai, eg har vald ei form som er litt nyare.

Han leia arbeidet her frå 1903 til 1921, deretter var han ved Kunchow stasjon frå 1923 til 1927. Då reiste han tilbake til Norge på grunn av sjukdom. Seinare verka han for misjonen her i landet.

Misjonsstasjonen i Shihuagai vart opna i 1904, same året som Richard Petter Olsen gifta seg med Dorthea Beate Hennich, fødd 9. august 1876. Ho var dotter av skomakarmester August Hennich i Kristiansand og kona Andrea. Ho gjekk “høyere pikeskole” og arbeidde i butikk, men etter eit studieopphald i England vart ho vigsla til misjonær og sendt til Kina i 1903. Året etter vart ho gift på Laohokow misjonsstasjon med Petter Olsen.

Stasjonen som dei bygde opp ligg i Sentral-Kina. Byen var ein marknadsby med om lag 8000 innbyggarar. Richard Olsen kjøpte tomt og sette opp hus, og i 1909 var kyrkja ferdig. Same året vart det opna ein skule for guttar. Alt i 19006 hadde 10 menn blitt døypte, og då kyrkja vart ombygd og utvida i 1938, synte statistikken at kyrkjelydane i distriktet som høyrde til denne stasjonen hadde 153 medlemmer. Åtte preikeplassar og utestasjonar høyrde til denne kyrkja. Det var tre misjonærar der, ein kinesisk forstandar og ti andre kinesiske medarbeidarar.

Så kom andre verdskrig, og då den var over, reiste Jon Berg frå Hylestad til Shihuagai. Han var fødd 12. oktober 1917, son av gardbrukar Arne G. Berg og kona Margit O. Haugeland. Han gjekk framhaldsskule, tok artium og gjekk deretter på Kinamisjonens misjonsskule. I 1946 vart han vigsla til misjonær på Framnes saman med kona si, Berit Mjåset frå Askvoll. Ho var sjukepleiar, utdanna ved Haukeland sjukehus før ho gjekk på Misjonsskolen for kvinner på Fjellhaug. Dei reiste til Shihuagai i 1946, men tida i Kina vart kort. I 1949 kom dei heim att, då kasta kommunistane ut alle misjonærane. Sidan reiste Jon som forkynnar i Misjonssambandet og seinare for Norsk Luthersk Lekmannsmisjon. Etter kvart busette dei seg på Lunde i Telemark, der dei budde resten av livet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *