Til hausten kjem motorsportskulen

Share

Onsdagskvelden var det eit variert utval av emne i Valle Radio. Rådmann Arne Tronsen kom frå kommunen klokka 19:30 og han var svært oppglødd over folkehøgskolen. I Aftenposten for i dag var det eit annonsebilag frå folkehøgskulane med eit stort oppslag om Setesdal folkehøgskule på side 10 og 11. Det var over to sider og eit flott bilete av folk som køyrer motorsykkel, men og av internatet i Valle og av ein snøscooterkøyrar. Det er eit stort intervju med Lene Dyrkorn om skulen. Der får vi vite at det er kome sju søkjarar til dei 40 plassene.

Det er ei stor utfordring for Valle kommune, sa Arne Tronsen i samtalen med Ørnulf Hasla som var ansvarleg for kvelden. Han meinte at ein måtte gjere oppstarten skikkeleg, mykje av skulen si framtid ville avhenge av eit godt fyrste år. Åtte stillingar er ikkje å forakte i Valle kommune, sjølv om ikkje alle er fulle. Dei snakka ikkje om kven som vert rektor på den nye skulen, stillingen er lyst ut.

Elles var Arne oppteken av at ein må ned i servicenivå i Valle. Om vi sit i 2020 og ser tilbake på inneverande år, vil vi nok kunne seie at det var eit høgare nivå på tenestene då. I framtida vil vi ikkje kunne ha det slik, det er ikkje nok folk til å jobbe og betale skatten som skal til for å ha så godt tilbod om 10 år, meinte han.

Arne Tronsen begynte i rådmannsstillingen i august 2006 og fyrste dagen måtte han sette i verk kriseleiing i kommunen, for det kom så mykje regn etter ein turr og lang sommar at vegen mellom Kveste og Sandnes heldt på å verte øydelagd. Så det var ein brutal start. Men han trivst godt i Valle og ser for seg at han kjem til å halde på som rådmann nokre år til.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *