Spellemann

Share

Eg tenkte eg hadde funne eit godt tema for Open sending då eg skulle ha det onsdagskvelden. Spellemannsprisutdelinga var sist laurdag og om eg laga rebusar relatert til det, ville vel telefonane gå varme.

Så feil kan ein ta.

Eg la ut rebusar saman med Ronny, og fleire fekk ingen svar. Når eg skulle ha årets kvinnelege musiker Noora Noor og laga rebusen Nr. 1 mellom enkedronninga av Jordan, så trudde eg det var rimeleg enkelt, særleg når eg spelte ein av songane hennar. Men nei, ingen telefonar, og slik var det fleire gonger. Men vi køyrde på og på dei fleste var det ein telefon eller nokre få, eit par gonger fekk vi same person som løyste oppgåvene.

Ingebjørg Ellinor Rysstad og Berit Homme, som tok telefonar, hadde ein roleg kveld. Men eg fekk tilbakemelding frå folk som hadde høyrt på at det hadde vore triveleg, sjølv om dei ikkje hadde ringt inn. SLik er det vel ofte, det er mange fleire som høyrer på enn dei som ringer inn.

Her er lenke til wikipedias artikkel om Spellemannsprisen 2009:
http://no.wikipedia.org/wiki/Spellemannprisen_2009

Der finn du og oversikt over dei som var nominerte.