Sesilåmi avlyst

Share

I dag vakna eg til meldinga om at Sesilåmi 2010 var avlyst.

Eg tenkte på dei 2800 som hadde meldt seg på rennet, mange av dei var debutantar. Dei var nok skuffa.

Eg tenkte på assisterande rennleiar Tarald Myrum, som var i Valle Radio sitt studio onsdagskvelden og fortalde om arrangementet og som hadde god tru på at det skulle bli det flotte arrangementet dei hadde jobba i månader for å få til. Han var nok skuffa. Men ein del av det som skulle gjerast, var gjort i Valle på førehand, mellom annan sov folk i idrottshallen for fyrste gong. Dei hadde kjøpt inn madrassar som folk kunne leie, og dei var nok nytta sist natt. Alt det andre som var blitt gjort før arrangementet, og så vart det ikkje noko arrangement. Tarald hadde planar om å ta turen sjølv og, så han var nok dobbelt skuffa.

Men vinden på toppen var så sterk at folk knapt kunne stå oppreist. Og då skal ein ikkje sende folk over heia. Alle som har opplevd slikt, veit at ein må ha respekt for fjellet. På eit vanleg Sesilåmi-arrangement er det kanskje 60 som må ha hjelp og køyrast ned frå fjellet med snøscooter. Denne gongen var det rekordpåmelding og mange debutantar, så det kunne lett blitt nærare 100. Og i løpet av natta endre føret seg svært mykje, så dei som skulle køyre skadde løparar på snøscooter, ville hatt ein svært vanskeleg tur. Ein av dei som var i beredskap, hadde vore oppe frå Sirdalssida og hadde sett seg fast mange gonger når han skulle over bekker i heia. Han var glad, men kald og våt då han kom ned att, fortalde han til Stavanger Aftenblad.

Det kom fort forslag om å flytte renne fram, slik at ein i alle fall ikkje skulle få så mildt ver som ein fekk i fjellet dei siste dagane før rennet. Både dette og det å arrangere Sesilåmi på ein laurdag vil nok verte diskutert i dagane som kjem. Tarald fortalde at dei alt har sendt inn plan for neste år, og då og tenkjer dei å ha rennet på laurdagen – men dei har opsjon på å kunne endre det om evalueringa skulle syne seg å gå mot laurda som dagen.

Vi får gle oss over at liv ikkje gjekk tapt og skader ikkje kom og over at rennleiinga har respekt for fjellet og ansvaret som fylgjer med å halde eit slikt stort arrangement.