Setesdalskonferansen 2010

Share

I sendinga onsdag 17. mars hadde eg ein prat med leiar i Setesdal Regionråd, Signe Sollien Haugå, som fortalde at no er det klart for Setesdalskonferansen 2010, ein konferanse som Regionrådet inviterer ein frå kvar bedrift i Setesdal til. I år skal konferansen vere på Sølvgarden Hotell 15. og 16. april. Det unike med konferansen er at han er gratis, Regionrådet betalar kostnadene med mat og overnatting.

Det var på den tilsvarande konferansen i fjor at eg vart utfordra til å starte Setesdalswiki, sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Hovedside Eg gjorde det og tenkte at alle dei 50 deltakarane kanskje kunne fikse ein artikkel om seg sjølv og si bedrift, men det vart med tanken. Ikkje mange andre enn eg sjølv har skrive artiklar der, i skrivande stund er det 167 artiklar. Målet mitt er å kome til eit par hundre innan Setesdalkonferansen 2010 går av stabelen.
http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Setesdalskonferansen_2010

Programmet for i år har som tema sal og lønsemd – og nye måtar å auke salet på. Det vere seg gjennom nye digitale kanalar – som Doffin, sosiale media og det ein har makt over gjennom å bruke seg sjølv og omgjevnadene til å bringe verksemda opp og fram! Under middagen, der Bjørgulv Sverdrup Lund skal vere kjøgemeister, skal stortingsrepresentant Svein Harberg dele ut Setesdalsprisen for fyrste gong. Den kan gå til ei verksemd/eigar/dagleg leiar som har utmerka seg på særleg vis. Det kan vere lønsemd, merksemd, utviklingsarbeid eller anna. Ein eigen jury vel på førehand ut prisvinnar.

Nå er det på tide å melde seg på. Det gjer du til Ingunn Kile:
ingunn.kile@setesdal.no, eller tlf 94 52 13 54. frist: 7. april 2010