Nå blir det fem dagars skuleveke i Valle

Share

Kommunestyremøtet for mars 2010 vart halde i går kveld. Referatet syner at no vert det fem dagars skuleveke i småskulen i Valle og. I debatten kom det framlegg frå Arne Bakke om å utsetje saka og pålegge administrasjonen å greie henne ut på nytt og evaluere bruken av ikkje-lovpålagde timar i skulen. Det var 19 medlemer til stades på møtet i går, og sju stemte for Arne sitt framlegg, men då 12 stemte mot, fall framlegget.

Det var og eit framlegg frå Jon-Ola Rysstad: Ein fortset med 4-dagars skuleveke som i dag. Tilbodet om fri leksehjelp kan gjevast i SFO. Dette vart sett opp mot formannskapet sitt framlegg og fekk seks røyster.

Formannskapet sitt vedtak vart dermed vedteke i kommunestyret med 13 stemmer. Det lyder slik: Fri leksehjelp 120 minutt pr. veke fører til 5 dagars skuleveke for 1. – 4. trinn i Valle kommune frå skuleåret 2010/2011. Leksehjelp for småskulesteget vert lagt i etterkant av den ordinære undervisninga, slik at dei elevane som deltek avsluttar samstundes med siste undervisningstime for dei eldre elevane. Leksehjelpa vert gjeve over tre dagar.

Elles vedtok kommunestyret forskrift om gebyr for vatn og avlaup og satsar for dette. Men saka om endring av betalingsmodell ved utbyggingsavtalar i Brokke-området vart utsett til ein har fått sams forståing med Vegvesenet. Og saka Økonomioppfølging – lukking av avvik vart vedteken som innstillinga.