Menighetshuset i Valle

Share

I kommunestyret onsdagskvelden orienterte ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund som vanleg om aktuelle saker på hans bord. Eg festa meg med ei av sakene i rapporten hans. Der heiter det: Menighetshuset i Valle. Arbeid med avtale om overtaking og oppstart av næringsverksemd i lokala under føresetnad om bygging av ny kyrkjestove. Avtalen kjem truleg til formannskapet og kommunestyret i april.

Denne saka har ei lang forhistorie, men eg hadde vel trudd at ho var lagt i ei skuff og blitt verande der. Ein har i lang tid tenkt at det ville vore tenleg å ha huset nærare kyrkja, slik at det kunne nyttast meir direkte i samband med aktivitet i kyrkja. Valle kyrkje er ei høyre-kyrkje frå midt på 1800-talet, laga for at folk kunne kome saman og høyre Guds ord og så gå heim att. Det har i lang tid vore ein del andre bruksmønster når det gjeld kyrkjeleg arbeid, og kyrkjekaffe i benkene har blitt naudløysing om ein ville ha ei uformell samling etter gudtenesta. Av og til har ein invitert til Menighetshuset, men då har mange forsvunne og ikkje blitt med dei par hundre metrane det er å flytte seg frå kyrkja til Menighetshuset.

Menighetshuset sin sal i kjellaren er nok den som har vore mest brukt dei siste 20 åra. Den ligg vegg i vegg med kjøkkenet, så det er lagleg med servering her. Møteverksemda føregår i Lillesalen, det er sjeldan så mange kjem på møter at den blir for liten. Så den store salen i fyrste etasje står for det meste tom. Men det vanskeleg å kome ned i kjellaren og ikkje lett å få til ei renovering som gjer huset lagleg for rullestolbrukarar. Og nødutgang har ein ikkje heller, På nokre store basarar er huset overfylt, til dømes på Bygdekvinnelaget sin basar Sauesjådagen, men slike arrangement er ikke så vanlege no lenger.

Å få ei kyrkjestove nær kyrkja til å dekke behov for sosial kontakt i samband med arrangement der, vil vere eit pluss, sjølv om det er vemodig å tenkje på at huset i Valle sentrum, som vel har ei hundreårig historie, ikkje lenger skal lyse med korset for alle som køyrer inn til Valle sentrum.