Pipebrann

Share

Denne vinteren har det vore fyrt hardt rundt om på Sørlandet. Med temperaturar ned mot 20 kuldegrader, ja, endå lenger ned, nyttar det ikkje bare med varmepumpe, ein må tenne i omnen og. Så fyrer ein med den veden ein har, blandingsved frå lauvtre er vel best, men ein får nytte ei gamal vindfallen gran og.

Så plutseleg ein tysdagsettermiddag ringer det på døra:

-Eg trur de har pipebrann, det kjem så mykje røyk ut av pipa dykkar. Tøm salt ned i pipa, så kanskje de staggar den.

Det er nok betre å ringe til Brannvesenet, nr. 110 set meg i kontakt med sentralen og ein triveleg stemme lurer på kva som har skjedd. Ti minutt seinare kjem to digre brannbilar rundt svingen, ned bakken og stoppar i tunet.

Derifrå går det slag i slag. Snart er kranbilen stødig og den eine tek seg opp i liften. Den andre sjekkar luker og røykutvikling inne. Ein tur på øversteloftet fortel at vi nok hadde rett, det er pipebrann. Røyken ligg tungt over landskapet. Regnet silar, det er bare å gå inn og vente på kva som vil skje.

Det hadde jo vore spennande for barnebarna å oppleve brannbil i tunet, men dei er reist til Lyngdal og kosar seg i Sørlandsbadet. Mobilen ligg i garderoben, så vi får ikkje fortalt dei det heller. Så mykje anna er det heller ikkje å ta seg til.

Plutseleg høyrer vi skraping i pipa, sot ramlar nedover i skorsteinen. Nede i kjellaren ber den eine brannmannen ut bøtte på bøtte med sot. Ikkje hadde eg trudd det var så mykje sot i pipa vår. Ho var jo feia i vanleg turnus.

-Hadde det døydd ut om me ikkje hadde ringt til dykk?
-Ja, men då hadde huset vore brent ned. No var det godt de ringte tidleg, då er det jo lettast å stagge noko slikt.
-Korleis er det med røykvarslarane?
-Vi har tre, to nede og ein oppe.
-Skal vi teste dei?

Alle verka, men ingen slo ut og varsla brannen, så røyken var ikkje blitt så tett før vi oppdaga det.
-Eg skriv opp namn og melder frå til feiaren, så kan han kome for ein kontroll over påske.
-Tusen takk for hjelpa.
-Det var ei glede at vi kunne hjelpe og at det gjekk godt.

Vonar de som sprengfyrer no i påska slepp pipebrann. Luftinga etterpå tek tid, og røyklukt set seg i huset i fleire dagar, kanskje heile påsken. Men trass alt, så gjekk det godt.

Her er ei lenke til meir om emnet: http://www.pipeeksperten.no/pipebrann.html