Ei innhaldsrik wikipediaveke

Share

Det har vore ei innhaldsrik veke for oss som er opptekne av wikipedia, og eg er jo meir enn dei fleste opptekne av nettleksikonet. I dag har eg skrive ein artikkel om en zulukonge og misjonær HPS Schreuder sitt tilhøve til han. Mpande heitte kongen, du finn artikkelen her: http://no.wikipedia.org/wiki/Mpande Men eg har og skrive om Thomas Beck, den norske organisten, dirigenten og komponisten. Eg plukkar tema etter kva eg les og synest er interessant.

Denne veka fekk Kulturnytt interesse for Store Norske Leiksikon sin situasjon i høve til wikipedia. Store Norske Leksikon sin redaksjon meiner at vi må ha eit norsk leksikon som er skrive av fagfolk og som har eit fagleg utval av artiklar. Dei meiner og prinsippielt at folk skal få løn for det dei gjer, så dei som skriv i SNL skal få løn for sine bidrag.

SNL la leksikonet på nett og let folk abonnere på det. Etter kvart vart det truleg færre abonnentar, for eitt år sidan var leksikonet opna slik at alle kunne lese. Meininga var at det skulle finansierast med reklame, men det synte seg vanskeleg å selje reklame. Denne veka varsla Kunnskapsforlaget at dei legg ned leksikonet frå 1. juli, Dei føreslår at Staten tek over, om det vert gjort ved å etablere ei stifting, så skal forlaget gje heile databasen gratis til stiftinga.

Men kulturministeren ville ikkje ha gåva. Sjølv om kulturministeren for eitt år sidan var svært glad for at SNL no vart fritt, var noverandre kulturminister lite lysten på å kaste gode pengar etter dårlege, så ho ville ikkje løyve noko som helst.

Eg veit ikkje om grunnen til alt dette var bloggen som John Erling Blad skreiv på origo, der han tok til orde for at staten kunne kjøpe fri stoffet i SNL slik at det kunne ha same lisens som wikipedia, og så kunne det gjerne leggjast inn som eit arkivert SNL 2010 på wikipedia, og vi som skriv kunne bruke stoffet i artiklar på wikipedia.

Men det ville ikkje SNL høyre noko om. Siste kapittel i soga kom fredagskvelden, då stiftinga Fritt Ord stilte opp med 2 millionar kroner for å i alle fall forlenge livet til SNL litt, slik at ein fekk noko betre tid å finne ei løysing. Der står saka no, det vart helg og så vidt eg skjønar har ikkje media noko oppslag i dag.

Her er lenke til ein diskusjon på wikipedia sitt samtaleforum Tinget, der saka har vore diskutert mykje. Der er og lenker til ein del artiklar i samband med saka: http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Tinget#Store_Norske_Leksikon_legges_ned_som_nett-tjeneste

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *