Ferskenblomsthøyden

Share

I dag fann eg ut at eg ville skrive om det som var sentrum for Det Norske Misjonsselskap sitt arbeid i Kina, staden dei kalla Ferskenblomsthøyden, Taohualun. Om det er rett omsetting, kan ein lure på, eg kan ikkje kinesisk, så eg må stole på andre i så måte.

For over hundre år sidan kom legemisjonæren Jørgen Edvin Nilssen frå Sørreisa til Yiyang der han kjøpte eit stort landområde og starta sjukehus i 1904. Denne staden vart sentrum for NMS sitt arbeid i Kina, og eg skreiv om det på wikipedia i dag:
http://no.wikipedia.org/wiki/Taohualun

I nærare 50 år, frå 1902 til 1951 gjekk tankar, bøner og ressursar frå Noreg til til denne staden i Kina og ei rekke norske misjonærar hadde teneste der. Det vart etablert skular for evangelistar og for jenter og gutar, til og med ein blindeskule fekk dei i gang. Ein kan ikkje anna enn å undre seg over det store engasjementet dei hadde under tilhøve som var svært ulike dagens situasjon.

Då eg leita på wikipedia etter misjonærar som det var artiklar om og som hadde vore her, dukka Nicolai Kiær opp. Det var to artiklar med det namnet, difor var dei skilde med eit tillegg, den eine hadde misjonær bak, den andre hadde turner. Det synte seg at den siste hadde vunne sylv i OL 1908 i lagturn for Norge. Det som var noko merkeleg, var at dei var fødde på same dag og døydde på same dag, så her er nok ikkje alt ferdig i dei artiklane, eg trur kanskje det er tale om same person, som altså i ungdommen var ein flink turnar, men som fann si livsgjerning i Kina for det som dei kalla Ungdomsmisjonen, KFUM sitt samarbeid med NMS. Ikkje bare si livsgjerning, også si grav fann han i Kina, han døydde i 1934.

I fjor var lesarar av Vårt Land på tur til Kina og kom til Ferskenblomsthøyden. 60 år etter at norske misjonærar vart kasta ut av Kina, fekk misjonsvener strålande mottaking av kyrkjelyden der, det same skriv Lars Sigurd Kjelle om i bloggen sin: http://kinatur.tjelle.org/#post14

Det er nokre linjer rundt jorda som held seg sterke i mange år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *