Hylestadportalane

Share

Hylestadportalane skal vere tema for eit program i Den kulturelle skulesekken. Det fortalde Leonhard Jansen i samtalen eg hadde med han i Valle Radio onsdagskvelden. Vi fekk ein triveleg prat om desse landskjende kunstverka . Etter at kyrkja på Bjørgum vart riven og ny kyrkje sett opp på Rysstad i 1838, kom portalane til Rike og nokre år seinare til Oldsakssamlinga i Oslo. Framleis er den gamle døra på Råtun i Rike, kunne Leonhard fortelje.

Hylestadportalane har motiv frå soga om Sigurd Fåvnesbane. Det er eit kjent motiv som er funne mange stader i Europa. Leonhard fortalde om dette og om prosjektet som no er arbeidd fram der Hylestadportalane skal vere tema for eit program i Den kulturelle skulesekken. 9. april er det urframføring av programmet, som sidan skal gå som tilbod til vidaregåande skular. Eg siterer frå pressemelding som er sendt ut om dette:

Ingen andre kunstverk frå Setesdal er meir kjende enn portstolpane frå den gamle stavkyrkja på Bjørgum i Hylestad. Figurutskjeringane med motiv frå den fellesgermanske segnkrinsen rundt Sigurd Fåvnesbane, vert rekna som noko av det beste som er å finne innan norsk mellomalderkunst.

Sist vår vart det sett ned ei prosjektgruppe med museumspedagog Anne Sophie Høegh Omdal ved Setesdalsmuseet, musikkprodusent Ola Sundström ved Aust-Agder bibliotek og kulturformidling, Harald Knutsen ved Agder Folkemusikkarkiv, og folkemusikarane Kirsten Bråten Berg og Hallvard T. Bjørgum.

Gruppa har arbeidd fram eit program som no går til alle vidaregåande skular som eit tilbod i ”Den kulturelle skulesekken”. Det har relasjon til fagplanar innan religion, musikk, historie og norsk.

Programmet er ein collage av musikk, song, bilete og levande forteljing. Med utgangspunkt i portalane får vi høyre soga om Sigurd Fåvnesbane, og høyre musikalske innslag med røter i balladar og instrument frå tidleg middelalder.

Den 9. april 2010 er det urframføring i Hylestad soknehus på Rysstad kl.15.00 som er open for publikum, men der det også vil vere inviterte gjester til stades. Vi håper også de kan setje av denne datoen med tanke på å vere med oss.

Etter ein pause med lettare servering blir det foredrag ved førstebibliotekar Josè Maria Izquierdo frå Universitetet i Oslo, som vil vise ein, for dei fleste heilt ukjend, spansk kyrkjeportal med tilsvarande motivkrins frå Sigurd Fåvnesbane. Dette foredraget blir berre halde på Rysstad, og vil ikkje vere del av turnéen.

Lenke til Hylestad kyrkje: http://no.wikipedia.org/wiki/Hylestad_kyrkje Der finn du lenke vidare til Hylestad stavkyrkje med meir informasjon om Hylestadportalane

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *