Lage Wedin-kveld

Share

I kveld vart det Lage Wedin-kveld i Valle Radio. Grunnen til det var at eg kom over ei LP-plate av han og Minikoret, dirigert av Trond Andersen. Tema var påskesongar, som eg hadde planlagt å ha på sangkvelden i kveld. Å salige stund uten like, heitte plata, og det var første sangen. Johan Halmrast sin song er jo det som gjer at vi hugsar namnet hans, sjølv om han gav ut 30 romanar.

Deretter fylgde Göte Strandsjös Maria stod og gråt og Aldri glömma. Så kom Tungt hviler mørket av Lars Åke Lundberg, alle desse er svenske. Så kom vi til Brorsons kjende Jeg ser deg, o Guds lam, å stå før side A vart avslutta med Paul Gerhards O, hoved høyt forhånet.

På side B kom Dine hender er fulle av blomster av Lars Åke Lundberg. Deretter fylgde Voglers Hosianna, Davids sønn. Søren Janson er ein svensk songar og biletkunstnar som har skrive O, varför gick vägen. Deretter kom Edin Holme/ Sigurd Lundes Ditt kors o Krist ble verdens sol. Så fylgde to negro spirituals: Crucifiction og Were you there før dei avslutta med Klippe du som brast for meg av den engelske Augustus Toplady, som eg spelte før Carl Fredrik Wisløff talte om Golgata. Etter talen song Lage Wedin I det fjerne jeg skuer.

Men eg kunne ikkje slutte utann å ha spelt Det er makt i de foldede hender, den som han vart mest kjent for og som visst er den mest spelte sangen i Ønskekonserten.

Lage Wedin valde å halde fram med studiar og vart universitetslektor i psykologi ved Stockholms universitet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *