Lokalhistoriewiki og Setesdalsmuseet

Share

I timen mellom klokka 20 og 21 onsdag 17. mars var Leonhard Jansen med meg i studio. Eg lurte på korleis det stod til med alle bygningane museet eig, sist veke var det store oppslag i media om at “Norge råtner på rot” fordi ein ikkje har pengar til å vedlikehalde bygningsmassen som musea eig.

Men Leonhard kunne fortelje at det stod høveleg bra til med bygningane i Setesdal. Kommunane har vore flinke til å gje tilskot til museet og dei har ein eigen ansvarleg for dette som til og med Aust-Agder Museet nyttar seg av, Anders Dalseg, som er museet sin fagkonsulent bygningsvern. Leonhard kunne fortelje at dei no er ferdig med ei omfattande restaurering av Huldreheimen i Bykle, som er eit anlegg nytta til feriestad av dr. Anton Raabe og skodespelarinne Tore Segelcke. Alle husa er flytte til staden, og av 6 bygningar er 3 frå Bykle og 3 frå Valle/Hylestad. I 1948 vart Huldreheimen gitt i gåve til Bykle kommune, som har vedlikehalde samlinga, men ingenting har vorte endra. No vurder Setesdalsmuseet å innføre eit nytt opplegg for audioguiding der. Gjester i Bykle gamle kyrkje kan få ein liten mp3 spelar med informasjon som dei kan spele av når dei går rundt i bygningane i Huldreheimen, her er meir informasjon om anlegget:
http://www.setesdalsmuseet.no/index.php?m=sider&m_action=vis&id=3&des_id=3

Vi snakka og litt om formidling av kunnskapen som er samla på museet. Det er ei sterk utfordring, og Leonhard har no meldt seg inn på Facebook for å bli kjent med dette systemet for formidling. Enno er det heilt nytt, men ein må fylgje med i tida. I samtalen oss i mellom hadde vi kontakt med Siri Johannessen, som er knytt til lokalhistoriewiki. Ho kunne fortelje at dei har ein liten artikkel om Setesdalsmuseet, men at artiklar om dei ulike anlegga som ligg under museet manglar, sjå http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Setesdalsmuseet Ho kunne fortelje at lokalhistoriewiki no aukar arbeidet for å verte kjent på nye område, og meinte at ein del av formidlinga av museet sine samlingar kunne gjerast gjennom lokalhistoriewiki. Leonhard fortalde at han hadde prøvd seg på wikipedia ein gong, men det han hadde gjort, var blitt sletta, og så hadde han ikkje prøvd seg fleire gonger. Siri meinte at det kunne vere aktuelt å organisere kurs, gjerne i samarbeid med sogelag, slik at ein kunne få lære litt om korleis ein kan nytte dette verktøyet til å gjere deler av lokalhistoria i Setesdal kjent for fleire.

Meir fylgjer…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *