Maria Budskapsdag – Magnificat

Share

Denne dagen vart tradisjonelt feira 25. mars, som altså er i morgon. Men Den norske kyrkja har valt å markere søndagen mellom 21. og 28. mars om ikkje det er palmesøndag som i år, då er markeringa 5. søndag i faste, som altså var 21. mars.

Tradisjonelt har det vore ein stor festdag, og fram til 1582, då ein gjekk over til gregoriansk kalender i Europa, vart dagen feira som nyårsdag. Men ved den nye kalenderen vart nyår lagt til 1. januar. I England feira dei nyår denne dagen heilt fram til 1752 kan eg lese på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Maria_Budskapsdag På svensk vart dagen kalla vårfru-dagen, noko som etter kvart vart til vaffeldagen, og morgondagen er framleis vaffeldagen i Sverige, sjølv om den kyrkjelege festdagen er flytta til sundagen der og. På engelsk heiter dagen Lady Day, Jomfru Maria er Our Lady.

Grunnen til at dei feira nyår denne dagen, ligg nok i at den er nær vårjamndøgeret. Framleis feirar dei Novrus på denne tida i Iran, Afghanistan og ei rekke andre muslimske land. I år var det 20. mars. Då vi hadde asylsøkarar frå desse landa her i Valle, vart Novrus markert her og.

I år var det kanskje bare i Valle Radio og i kyrkja det vart markert. Niklos K. Besteland hadde med seg musikk i høve dagen då han kom for å ha programmet Postludium i Valle Radio tysdagskvelden.

Han starta med motetten Ave Maria av Thomas Luis de Vittoria, spansk komponist som levde frå 1548 til 1611. Prager Madrigalisten song under dirigent Miroslav Vennoda.

Deretter fekk vi høyre orgelmusikk. Recit de Nazard og Dialogue frå Magnificat i g-moll av Jean-Francois Dandrieu spelt av organist Hans Jürgen Scholze på orgelet i katedralen i Dresden.

Så kom Felix Mendelssohns Gloria in excelsis Deo frå Magnifikat i ess-dur av Stuttgart kammerkor og Bremen kammerfilharmoni dirigert av Frieder Bernius.

Marcel Dupré har skrive eit preludium han kalla Regina Coeli, himmeldronninga. Organisten Bruce Neswick spelte det på orgelet i First Presbyterian Church i Evansville, Indiana.

Så avslutta han med Bjarne Sløgedals motett til Maria Budskapsdag: Frykt ikke, Maria med Kristiansand domkor dirigert av Andrew G. Wilder og med Ian Richards ved orgelet. Eit nydeleg stykke å slutte med.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *