Rektor tilsett

Share

I kveldens Kommunen informerer-sending i Valle Radio fortalde styreleiar i Setesdal folkehøgskule, Lene Dyrkorn, at Ole Birger Lien har blitt tilsett som rektor.

Ole Birger Lien er no journalist i Setesdølen. Han har og vore aktiv i Valle Radio. Her har han lagt opp og leia program der kommunepolitikarar har vore gjester i studio.

Lene fortalde at neste veke skal det vere styremøte for å godkjenne annonsar etter lærarar. Alt no er det neste 30 søkjarar og 25 som har fått tilbod om plass. 11 har svara ja på tilbodet, så ein er godt i gang med arbeidet for å fylle skulen. Men det er mykje som skal gjerast. Ein held no på og pusser opp internatet, ein skal få på plass avtalar om leige av lokalar og tenester.

Olabil
Det var Elise-Marie Kringen som var gjest i studio i programmet i kveld. Ho starta med å fortelje om Olabil-løpet som FAU ved Hylestad skule skal arrangere i vår. Det er i 4 klassar: 0 – 12 år, 13 – 16 år, 17 – 100 år og bedriftsklasse.

Medarbeidarsamtale
No er det tid for medarbeidarsamtalar i kommunen, og det er 170 tilsette som skal ha ein prat med leiaren sin om korleis han eller ho opplever jobben sin. Ein har ein fast mal ein startar med, og så går samtalen ut frå det. Det er interessant, men det er og tidkrevande. Ein skal vere ferdig med medarbeidarsamtalane innan utgangen av mai. I løpet av samtalen tek ein opp aktuelle saker og drøfter om det er aktuelt med utvikling gjennom kurs og korleis arbeidstakaren er nøgd i jobben. Leiaren får og tilbakemelding på sin rolle som leiar.
-Eg har fått mange gode tips, sa Elise Marie og fortalde at medarbeidarsamtalane er konfidensielle, så leiarane samlast ikkje for å gå gjennom samtalane med kvarandre til slutt. Likevel får den einskilde leiar eit godt innblikk i situasjonen i si avdeling gjennom desse samtalane.

Fosterforeldre
Til slutt nemnde ho saken som står på kommunen si heimeside om at BUFETAT ynskjer fosterforeldre frå Setesdal, gjerne på ein gard, det kan ofte gje god hjelp til born og unge som har hatt det vanskeleg å få kontakt med dyr på ein gard. Alle fosterforeldre må gå på kurs, såkalla PRIDE-kurs. Neste kurs skal vere til hausten, og ein kan ta kontakt med kursleder Anne-Birgit Nordgaard, tlf. 466 18 291. Her er lenka til kommunen si side om dette: http://www.valle.kommune.no/Modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=1561&Category.ID=1145

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *