Valle kommune sin organisasjon

Share

I orienteringa som rådmann Arne Tronsen gav til kommunestyret onsdag 24. mars heiter det:

Utviklingsavdelinga
Rådmannen har gjort vedtak om endringar i utviklingsavdelinga og eigedomsavdelinga. Utviklingsavdelinga vert ikkje ført vidare som eiga avdeling. Eigedomsavdelinga får forvaltningsoppgåvene innanfor jord/skog, forureining, arealforvaltning- kommuneplan og arealplanar, oppmåling, byggesak og utbyggingsavtalar. Biblioteket vert knytta til stabsavdeling og ansvaret for kultur og næring vert lagt direkte under rådmannen.

Arbeidet med moglege endringar i organiseringa av helseavdelinga og pleie- og omsorgsavdelinga er i gong. Målsettinga er å sende ei mogleg løysing på høyring i løpet av april, noko som gjer det mogleg å gjere vedtak i løpet av mai månad.

Pleie- og omsorgsavdelinga
Pleie- og omsorgsavdelinga er pressa i Valle kommune. Valle kommune har etter måten store behov i høve gjennomsnittet for norske kommunar. I 2009 brukte vi kr. 100.000 pr. dag. Dei tilsette gjer ein formidabel jobb. Vi er i røynda midt i eldrebølgja, framimot 2020 vil behova ikkje auke. Pr. i dag er pleiebehovet så stort at sjukeheimen faktisk er eit sjukehus.

Omlegginga til døgnopen omsorg er igong, men det vil ta tid å hente ut effekten av dette. Rådmannen har i samråd med leiinga for pleie og omsorg kome til at lovpålagte tenester om naudsynt må prioriterast framfor ikkje lovpålagte tenester.

Pleie- og omsorgstenesta er utsett for forventningar lokalt som dei ikkje kan møte.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *