VDB

Share

Det fulle namneet var Paul Emile François Henri Vanden Boeynants, men både journalistar og han sjølv nytta forkortinga eg har brukt til overskrift. Han var statsminister i Belgia to gonger, fyrst i eit par år frå 19. mars 1966 og deretter eit knapt halvår ti år seinare, frå oktober 1978 til mars 1979. Han var og forsvarsminister.

Det er skrivinga mi på wikipedia som gjer at eg fortel litt om denne belgiske politikaren som levde frå 1919 til 2001. Han starta som kjøthandlar, men gjekk inn i politikken for Christelijke Volkspartij – Parti Social Chrétien, eit katolsk parti som prøvde å sameine dei to folka i Belgia, fransktalande i sør og flamsktalande i nord. SJølv var han visst like god i begge språka etter det eg kan finne ut av artiklar på wikipedia som eg så vidt kan skjøne, nederlandsk og fransk er språk eg ikkje er trygg på at eg forstår når eg les dei, og på tysk og engelsk var artiklane ikkje så detaljerte.

Han må ha hatt litt av eit liv, for i 1986 vart han dregen for retten for korrupsjon og skattejuks. Det var på hengjande håret at han ikkje hamna i fengsel, det enda med ein betinga dom og han kunne puste letta ut. Men bare tre år seinare vart han kidnappa, 70 år gammal, og halden i fangenskap i ein månad med krav om 30 millionar belgiske franc i løysepengar. Det er ikkje kjent kor mykje familien betalte for å få han ut, eg las at det var antyda 5 millionar. Han var engasjert i politikk også etter det, heilt til 1995, då var han 76 år gamal og hadde vore rikspolitikar sidan 1949.

Grunnen til at eg skreiv om han på wikipedia i dag er at vi har eit prosjekt der vi prøver å skrive om alle som har vore omtalte i Hvem Hva Hvor, og han vart jo omtalt då han vart statsminister i Belgia. Sjølv likar eg ikkje å skrive om folka som er omtalt der om eg ikkje har den aktuelle boka og kan sjå kva dei skreiv då han var aktuell i mediebiletet, Takka vere Gaut Borgan, tidlegare likningssjef i Valle, som overlet si samling av Hvem Hva Hvor til meg, har eg kunne skrive nokre slike biografiartiklar dei siste vekene. Difor vil eg seie takk til Gaut for hans bidrag til wikipedia på denne måten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *