Kommunestyremøte for april 2010

Share

Kommunestyremøte for april 2010 var både eit temamøte om økonomi og eit ordinært kommunestyremøte med saker å handsame. Fekk du ikkje høyre kommunestyremøtet og temamøte om økonomien i Valle, så kan du høyre det med hjelp av desse lenkene:
Kommunestyremøte: mms://159.171.56.27/arkiv/2010/stream.100428.1.mp3
Temamøte om økonomien: ms://159.171.56.27/arkiv/2010/stream.100428.2.mp3

Utanom dei faste sakene med referat og orienteringar var desse sakene til handsaming:

*Satsar for elevavgift i kulturskulen – vaksenkor og dans
*Partnerskap for folkehelse – tilslutning frå Valle kommune
*Revidert avtale om administrativt vertskommunesamarbeid om pedagogisk-psykologisk teneste mellom kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Iveland.
*Søknad om støtte til krypsivtiltak i øvre Otra 2010
*Ramme avtaleverk mellom Valle og Hylestad sokneråd og Valle kommune

Det var tre spørsmål i saka Førespurnader.

1. Toralf Andersen spurde om retningsliner for kva som skjer når kommunestyret øyremerker pengar til noko og administrasjonen brukar dei til noko anna.

2. Pål Dale spurde om Valle kommune vurderte å hengje seg på eit møte med politimeisteren som Bykle ynskjer i samband med planane om politireform.

3. Liv Tanche-Larsen spurde om det kunne vere aktuelt å opne Brokke-Suleskarvegen tidlegare når det no er så lite snø i heia.

Svara får du om du klikkar på lenka over.

Setesdalswiki

Share

I går starta Setesdalswiki på sitt andre år. Det feirar eg med å opne wikien for at folk kan redigere og skrive artiklar der utan å registrere seg. Finn du ein artikkel og vil fikse på noko, er det bare å gjere det. På framsida finn du denne teksten: Alle kan skrive på Setesdalswiki. Om du ønsker kan du registrere deg.

I løpet av det eine året vi har halde på, har vi klart å få vel 200 artiklar. Dei fleste har eg skaffa på plass, anten ved å skrive sjølv eller ved å hente setesdals-stoff frå wikipedia. Eg tykkjer ikkje det er noko stor bragd og skulle jo ønskt at vi hadde tusen artiklar etter eit år. No får eg heller justere ønsket litt og seie at det hadde vore fint om vi fekk 2000 artiklar innan 26. april neste år.

Wikipedia er eit nasjonalt leksikon og må ha nokre kriterier for at ein artikkel skal få leve i leksikonet. Setesdalswiki er eit regionalt leksion for vår region og kan opne for at artiklar som ikkje ville fått plass i wikipedia, kan få plass. Det gjeld lokale tilhøve, og Setesdal er rikt på slike. Så det burde gå lett å finne noko å skrive om, både historie og aktuelle saker. Fyrst og framst gjeld det dei fire kommunane som står saman i Setesdal Regionråd. Men emne som høver i denne samanhengen kan vere mange.

Då vi starta Setesdalswiki, var tanken at alle bedrifter i Setesdal skulle få omtale, også bedrifter som ikkje sjølv hadde høve til å lage heimesider. Ein artikkel kunne vere ein god måte å verte kjent med bedriften på. Om ein og skreiv noko om folka som jobba i bedriften eller organisasjonen, kunne ein få eit rikare bilete enn reklameprega sider gjerne kan gje.

Gjennom året som har gått, har eg sett at ein ting er å dele visjonen når ein er samla til Setesdalskonferansen, noko anna er å gjere noko for å realisere draumen. Folk har sagt til meg at dei ikkje vågar å gjere noko sjølv på Internett, dei er glade dei kan lese epost. OK, seier eg, send meg ein epost, så skal eg skrive om bedrifta di og deg sjølv i Setesdalswiki, min epost er harhaugl@gmail.com

Her er lenka til artikkelen om Valle Radio på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Valle_Radio

Program for 27. og 28. april 2010

Share

Tysdag 27. april

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:30 Doktor Daniel med meir
20:30 Postludium med Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 29. april

Teknikar: Jørund Georg Jore

Merk tida:
13:00 Kommunestyremøte. Temamøte: Valle kommune sin økonomi
18:00 Opptak frå dagens kommunestyremøte og temamøte.

Du kan og høyre Valle Radio på http://www.valleradio.com
Meir informasjon om Valle Radio og sendingane på vår Facebookside

Riksveg 9

Share

Eg køyrer jo Riksveg 9 kvar veke og i løpet av våren har eg tenkt at eg bør skrive noko på bloggen om kor sliten han etter kvart er blitt. Mange stader er det slik at ein vinglar frå side til side i djupe spor. Det er trafikkfarleg og lite behageleg når ein køyrer.

Mellom Homstean og Skarpengland held dei no på å lage gang- og sykkelsti ved sida av vegen. Det er eit stort arbeid, men det vert fint når dei er ferdige. Men når ein så køyrer opp bakkane frå Skarpengland, startar vingleferda. Gjennom vinteren er vegen blitt nedsliten på heile strekningen frå Skarpengland til Hægeland og ein må vere aktsam når ein køyrer der, ikkje minst når det er regn og vegen er meir glatt enn elles.

Fleire andre stader opplever ein det same, men det er nok i gamle Øvrebø det er verst, vil eg tru. Når ein no fiksar og utbetrer vegen, må ein ikkje gløyme vedlikehaldet av den vegen som alt ligg der. Ikkje alt er telehiv, noko er slitasje og kan bare reparerast med eit nytt lag med fast dekke.

Riksveg 9 er elles ein vakker veg, ein nyt turen kvar gong ein køyrer der. Det er fjell og nutar, vatn og bekker. Etter kvart møter ein og Otra i all si velde sør for Evje. Eg vart jo rimeleg overraska over at kommunestyret i Evje sa ja til å lage kraftverk i fossen, ei bygd som har ei så stor elv midt i sentrum hadde eg trudd ville ta vare på dei variasjonane som elva gjev heller enn å få nok ein dam og meir stille vassflater.

På Evje har dei ein topptur-konkurranse dei kallar Ti toppers, eg har skrive om den på Setesdalswiki, sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Ti_toppers Til no har eg skrive om Fennefossfjellet og Himmelsyna og sett inn kart i artiklane. Men Det høgaste fjellet i kommunen, Midstrandknuten, har eg ikkje funne på kartet enno, så i den artikkelen er det ikkje kart. Om nokon kan hjelpe meg, ville eg vere takksam.

Både Fennefossfjellet og Himmelsyna ser ein frå Riksveg 9, og så kjem ein til Byglandsfjorden. Det er ei perle i Setesdal både på austsida og vestsida og gjer turen gjennom dalen til ei oppleving. Men vegen tek jo noko av sjarmen frå opplevinga, sjølv om Setesdal Regionråd har sett opp sine store bautasteinar oppover langs vegen. Kanskje eg kjem attende til dei i eit seinare innlegg.

Fattighuset i Oslo

Share

Er Fattighuset i Oslo noko for setesdølar og valldølar? spør du kanskje. Truleg vil du ha glede av programmet i Valle Radio tysdagskvelden 27. april klokka 19:30. Då kjem doktor Daniel i studio for å fortelje om eit prosjekt litt utanom det vanlege. Eg skal ikkje seie så mykje her, bare fortelje at doktor Daniel er vikar for kommunelege II Halvard Mosdøl, som har sjukepermisjon ut neste veke, så difor måtte det bli i programmet mitt den komande veke. Onsdag er det kommunestyremøte, etter det eg forstår skal det starte klokka 13:00. Eg trur det vert overføring av møtet, sjølv om det er på dagtid. Jørund er sett opp som teknikar, og då skulle det vere i dei beste hender.

Når vi difor lagar program tysdagskvelden om Fattighuset i Oslo, er det fordi kommunelege I Hanne Straume snakka med meg sist veke om det ville vere noko eg kunne vere interessert i å ha som tema. Eg er oppteken av å ha eit best mogleg program, så når Daniel hadde høve til å kome i studio, var det ei stor glede for meg å svare ja.

Fattighuset vart starta i 1996 og held no til på Grønland i sentrum av Oslo. Det er ein organisasjon som har som formål å betre forholda til folk som står i eit uønska avhengighetsforhold til det offentlege. Dette skjer ved ved hjelp av eigen innsats og gjensidig hjelp. Organisasjonen samarbeider med ulike aktørar, mellom anna med Synnøve Finden, som støtta dei då dei trong ein ny plass for sin aktivitet i 2005 og som sidan har støtta dei.

Du kan lese meir om Fattighuset på Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Fattighuset_i_Oslo og vere litt budd når du set på radioen tysdagskvelden.

Trafikkulukke i Kenya

Share

I sendinga i Valle Radio tysdagskvelden hadde eg eit innslag frå Nytt Liv Media i Stavanger om ei trafikkulukke i Kenya. Misjonær Per Ove Malmin var saman med nokre andre kyrkjeleiarar på veg heim til Arusha etter å ha vore på ein leiarkonferanse i Kenya. Då dei skulle køyre forbi ein traktor, svinga den over i feil køyrebane og tvinga bilen i grøfta, der han rulla rundt fleire gonger. Ein bibelskulerektor som var med fekk store skader i hovudet, dei andre fekk mindre skader, den norske misjonæren måtte sy 12 sting i hovudet, men hadde ikkje brot.

Etter å ha fått hjelp på lokalsjukehuset vart alle sende til Nairobi for betre oppfølging. Men på sjukehuset der må ein betale fyrst, og det var vanskeleg med pengar. Difor gjekk det ut bøn om hjelp via ein blogg i Noreg, og på eit døger kom det inn over 100.000 kroner, noko som dekte det sjukehuset kravde for CT og stell. Sidan var bibelskulerektoren sendt vidare til Haydom for å få vidare pleie der,

Ulukka skjedde sundag 12. april, omtale av ulukka kom på bloggen måndag 13. april, bøn om hjelp kom 14. april, onsdag hadde dei pengane, Fredag skreiv kona til Per Ove Malmin, Kristin Wennemo Malmin eit innlegg på bloggen med tittelen -Jeg er glad jeg lever. Bilete og tekst fortel om hendinga som vi altså omtale i Valle Radio tysdag 20. april. Her er lenke til bloggen: http://familienmalmin.blogspot.com/ Der fortel dei og kvifor dei skriv bloggen: Denne bloggen er opprettet av familien Malmin fordi vi i august 08 flyttet fra Norge til Tanzania. Her skal vi etter planen bo i tre år. Vi er utsendt av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) til byen Arusha nord i Tanzania. Hovedoppgaver er administrasjon og rådgivning (Per Ove) og produksjon av bladet Riziki (Kristin) gjennom Scripture Mission (NLM i Øst-Afrika), som samarbeider med den lutherske kirken i Tanzania (ELCT). I tillegg er Per Ove engasjert i KRIKs internasjonale arbeid i Arusha: CHRISC. Innslaget vi hadde i Valle Radio tysdagskvelden kan du høyre hos Nytt Liv Media:
http://www.nyttlivmedia.no/page.php?mtid=1&elid=949

Du kan lese meir om Arusha på wikipedia på engelsk, på norsk har vi ikkje fått artikkel om byen ennå: http://en.wikipedia.org/wiki/Arusha

Det burde vi kanskje få, men det vert ikkje i dag, i alle fall ikkje frå mi side, for no seier eg god natt.

Kyrkjekamp under krigen

Share

Siste tysdagen og tysdagen før det sendte vi eit intervju som Nytt Liv Media Radio i Stavanger hadde gjort med professor Torleif Austad ved Menighetsfakultetet om kykjerkampen under krigen. Austad vaks opp i Valle, far hans var prest her under krigen, og han fortel om korleis det var vanskeleg for mange prestar under krigen, då dei sa frå seg stillingane som var løna av staten. I Valle førde det til at dei fekk halvparten av prestegardsjorda for å drive den, og med det klarte dei å halde seg med mat. Andre prestar var ikkje så heldige, mange fekk løn frå eit hemmeleg kyrkjefond og milde gåver frå kyrkjelyden.

Austad har teke doktorgrad på kyrkjekampen i okkupasjonsåra. I første del av intervjuet kjem han inn på samarbeidet gjennom Kristent Samråd og vedkjenningsskriftet Kirkens Grunn. Mange i kyrkja og dei kristne organisasjonane var i villreie då krigen braut ut. I andre del fortel han om motstand frå nazi-styret utover i krigsåra, kyrkjesøkning og kva dagens generasjon kan læra frå okkupasjonsåra når det gjeld kristenliv. Nazi-leiaren Vidkun Quisling gjekk hardare fram mot kyrkja i krigsåra enn det tyskarane ynskte, fortel Austad mellom anna.

Intervjuet er med Inge Kallestad. Torleiv Austad er pensjonert professor ved Menighetsfakultetet og har doktorgrad med avhandlinga “Kirkens Grunn” – analyse av en kirkelig bekjennelse fra kirkekampen under okkupasjonsårene 1940 – 45?. Les om Torleiv Austad på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Torleiv_Austad og høyr intervjuet hos Nytt Liv Media: http://www.nyttlivmedia.no/page.php?mtid=1&elid=946

– I møte med ein totalitær stat hjelper det ikkje med ein blodfattig kristendom. Det seier professor Torleiv Austad i intervjuet. I år er det 70 år sidan krigen starta.

Bokkveld med Margaret Skjelbred

Share

I kveld var det bokkveld med Margaret Skjelbred. 15 personar møtte på Setesdalsmuseet på Rysstad for å høyre den kjende forfattaren fortelje om Mors bok og andre bøker i sin forfatterskap. Ho hadde med seg bøker som ho selde, eg fekk meg eit eksemplar av Andrea D for ein hundrelapp. Pengane ho får inn, gjev ho til veldedige føremål, no for tida er det ein barneheim på Haiti som nyt godt av stønad frå henne. Over tid har det blitt opp mot 150.000 kroner, 150K som ein seier i vår moderne tid.

Foredraget hennar var veldig interessant. Ho fortalde om Mors bok, som ho ikkje hadde til sals, for den er framleis å få i bokhandel, og om sin oppvekst i indre Vestfold i det konservative kyrkjesamfunnet DELK, Det evangelisk lutherske kirkesamfunn. Slik ho skildra det, var nok Det gamle testamente meir i bruk enn Det nye, og det var ikkje lett for eit barn å høyre om dei mange konkrete truslar og bøner som er brukt der om Israels fiendar. I heimen var det ingen romanar, bare postiller i mange utgåver, og dei las og studerte dei mykje. Omvending var sentralt og tidspunktet var viktig. I denne situasjonen fann mor hennar høve til å skrive ein roman, seks små skrivebøker der ho fortel om Signe. Desse er utgangspunktet for Margaret Skjelbreds roman.

Foredraget hennar på tre kvarter var veldig interessant og gav grunnlag for ein god samtale ved kaffebordet etterpå. Det vart ikkje så mykje samtale i plenum, men mange kjende seg att i det ho fortalde. Ei pietistisk og streng kristendomsform har vore vanleg mange stader i landet. Ho fortalde mellom anna om ein kristeleg teikneserie som var den einaste dei fekk lov å sjå heime, der var Jesus i hjarta, men etter kvart tok djevelen makta med alle smådjevlane sine. Ein av dei som sat ved bordet mitt kunne fortelje at han hugsa dei teikningane frå ei bok som gome hadde i Valle, så sjølv om det ikkje var plent slik ho fortalde her i dalen, var mykje likt.

Det er artikkel om henne på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Margaret_Skjelbred

Dette var ein stopp i ein turne på 14 dagar der ho reiser frå stad til stad og held foredraget sitt på bibliotek på Agder. Sundag skal ho vere i Kristiansand, mellom anna, og neste veke går turneen rundt i Vest-Agder. Vel verd å høyre på, så om ho kjem til ein stad nær deg, bør du nytte høvet.

Program for 20. og 21. april

Share

Sjølv om begge programma er gjennomførde, legg eg dei ut for skuld arkiv.

Tysdag 20. april

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:30 Kyrkje- og kristenliv
20:30 Postludium
21:00 Kyrkjebakken

Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no

Onsdag 21. april

Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter: Gudrun Nomeland og Solveig Rysstad

18:00 Aktuell time ved Ronny Stavsholt
19:00 Kommunen informerer. Utviklingsavdelinga ved Rune Ingebretsen
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Ronnys time. Besøk av Bjørn Wiksaas fra Christianssand Bluesclub. Bjørn tar med seg et utvalg blues fra egen samling.
21:00 Open sending ved Ronny. Rebuser og musikk.

Når Spotify ikkje heng med

Share

I kveld skjedde det igjen: Spotify kom ikkje med musikken eg ville spele. Det er jo litt dumt å basere seg på noko som bare fungerer delvis, men det skjedde i kveld.

Fyrst var det problem då eg skulle finne songar til songtimen, fleire av dei kom svært seint. Men verre vart det då tida kom for Postludium, der eg hadde tenkt å bruke trompet og orgel-stykke frå spotify. Eg måtte gje opp. I staden fann eg ei plate med trombone og orgel: The art of the trombone med Alain Trudel på trombone og Patrick Wedd, orgel, dei er to kanadiske musikarar, og innspelinga var gjort i Saint-Viateur Church, Outremont, Quebec på eit Casavant-orgel frå 1913, restaurert i 1991 av Guibault Therien.

Første stykket var av Gustav Holst: Duet for trombone and organ. Stykket vart uroppført i 1895, ikkje av Gustav Holst sjølv, som var ein dyktig trombonespelar, men av ein amatørtrombonist og med far hans, Adolf von Holst ved orgelet. Det er eit ungdomsverk, han var bare 21 år då det vart urframført. Seinare fekk musikken til Gustav Holst litt annan farge.

Det andre stykket i kveldens Postludium var Bernhard Krol, fødd 1920, sitt stykke Sinfonia sacra “Jesu, meine Freude”. Krol var det meste av si karriere profesjonell hornist i Tyskland, men i 1979 vart han komponist på heiltid. Det er ein artikkel om han på tysk wikipedia, sjå http://de.wikipedia.org/wiki/Bernhard_Krol

Han har særleg laga musikk for kyrkjebruk. Ein stor del av hans 180 opusnummer er kyrkjemusikk, han har komponert verk for orgel, kor, messer og kammermusikk. I 2007 vart han av pave Benedikt 16. utnemnd til kommandør med stjerne av Silvesterordenen. I 1981 fekk han Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden. Han var hornist i orkesteret til Berlin Statsopera og i Berlin-filharmonikerane frå 1945 til 1962, frå 1962 var han i Stuttgart radiosymfoniorkester. Han var og ofte juryleiar i ulike musikkonkurransar.

Kanskje kjem det ein artikkel om han på norsk wikipedia etter kvart.