Quiz-kveld på Valle Motell

Share

Natt til 3. påskedag fullførte eg ei oppgåve eg hadde lova å hjelpe Sissel Åkre med: Å lage spørsmål til quiz-kvelden på Valle Motell som ho skulle ha ansvar for i kveld.

Eg hadde god hjelp av wikipedia og laga oppgåver i seks sjangrar, 10 oppgåver i kvar sjanger. Ho redigerte det heile ein del og enda opp med seks spørsmål, og i kveld klokka 8 samla mellom 20 og 30 personar seg på loftet på Motellet for å vere med på quiz. Seks bord med fire og fem deltakarar, frå godt vaksne til heilt unge. Pizza og noko å drikke kunne vi få frå Motellet, så alt var på stell. Ettersom det ikkje var onsdagssending i Valle Radio, tok eg turen innom for å høyre kva korleis det gjekk.

Eg skjøna fort at det fine med ein quizkveld er at du ikkje treng kome saman med nokon, det er alltid eit bord som har plass til deg. Så kan ein snakke om spørsmåla og plutseleg snakkar folk saman sjølv om dei til vanleg ikkje gjer det. Etter tre rundar var det ein pause der folk kunne ta seg ein røyk utanfor på terrassen, deretter gjekk dei siste rundane som ein røyk, myndig leia av Sissel.

Eit av borda hadde nok litt handikap, for temaet var Dalstroka innanfor, og når ingen var frå Setesdal, vart det få poeng. Men det enda med uavgjort for eit par bord, og då måtte det omkamp til mellom dei.

Eg oppdaga nok at ein må vere pinleg nøyaktig når ein lagar spørsmål, elles er det fort nokon som vil diskutere. Men folk var snille med meg og eg kom velberga gjennom nålauga.