Hylestadportalane i musikk og bilete

Share

Klokka 15 ønska kulturrådgjevar Torunn Charlotte Nyborg Lund eit 70-tal tilhøyrarar velkommen til eit program med ovanståande tittel. Deretter starta det med Anne Sophie Høegh-Omdal som forteljar og med song av Kirsten Bråten Berg og slåttespel av Hallvard T. Bjørgum.

Det vart ein framifrå kveld. Kirsten sine balladar, fine bilete av Hylestadportalen, forteljing og slåttespel smelta saman og soga om Sigurd Fåvnesbane fekk nye fargar. Eg var jo kjent med den soga frå før, truleg var ikkje alle det. Men eg har fortalt soga meir enn ein gong i den tida det var Vegkyrkje i Hylestad kyrkje, til turistar frå Europa som undra seg over dei fine stavkyrkjeportal-kopiane som står i våpenhuset i kyrkja. Leonhard Jansen har heilt rett når han seier at dei er gøymte bak dørene når dei vert slegne opp, men i turistsamanheng har vi jo fortalt om dei når vi guida i kyrkja.

Programmet vi fekk høyre i kveld var urframføring av eit program som no går til alle vidaregåande skulane som eit tilbod i Den kulturelle skulesekken. Det har relasjon til fagplanar innan religion, musikk, historie og norsk. Det vart ein collage, bak aktørane var det sett opp to plakatar av portalane i full storleik. Anne Sophie svinga sverdet som ei ekte skjoldmøy, Kirsten spelte på lyre, laga som ein kopi av lyra som er avbilda på portalane.

Historia som Anne Sophie fortalde er i stor grad basert på Volsungesagaen, meir om den finn du her: http://no.wikipedia.org/wiki/Volsungesaga Det er ei dramatisk soge om kjærleik og svik og drap og har gjeve inspirasjon til både Tolkien si bok Ringenes Herre og Richard Wagner sin operasyklus Nibelungenringen. Det var og spennande å høyre korleis ein knytta sagaen om skjoldmøyane inn i dette, og då høvde Hallvard si framføring av Skjoldmøyslaget sjeldan godt. Og kva var meir naturleg å spele etter at Sigurd har drepe Regin enn Dolkaren, det ga dåm som understreka soga.

Det vart ein sjeldan interessant kveld i soknehuset på Rysstad. Og då eg høyrde at Sigurd fekk drakeblod i munnen, og difor skjøna kva fuglane kvitra, kunne eg ikkje anna enn å tenke på twitter, som betyr kvitring. No kan alle kvitre der, sjølv har eg og begynt å kvitre på twitter: http://twitter.com/HaraldHaugland Der kvitrar eg om denne bloggposten i kveld.