Verda utanfor

Share

Verda utanfor angår og oss i Setesdal. Eg veit ikkje kor mange polakkar det bur i Setesdal, men dei sa på TV i går at det bur 100.000 i Noreg no. Det har ført til ein heilt ny situasjon for den katolske kyrkja, som no har messer på polsk her i landet.

Dermed kom den uforståelege tragedien som ramma landet Polen til og å ramme oss. Polens president og kona og ei rekke andre polske leiarar som skulle til forsoningsmarkering i Russland 70 år etter massakren der så mange polske offiserar miste livet, omkom i flystyrt. Vi får vise medkjensle med dei polske som arbeider i Setesdal når arbeidsveka tek til i morgon.
http://no.wikipedia.org/wiki/Katyn-massakren
http://no.wikipedia.org/wiki/Flyulykken_ved_Smolensk_2010

I Thailand har dei hatt ei veke med demonstrasjonar i Bangkok. Mange kvinner frå Thailand har busett seg i Setesdal og ser nok med stor interesse på TV i desse dagar. Nokre valldølar har og fått seg husvære i landet, korleis situasjonen er for dei når det kokar i hovudstaden, veit eg ikkje, men eg hadde ikkje likt det. Så vi får vise medkjensle og interesse når vi møter kvinnene frå Thailand på jobb i morgon, anten det er i butikken eller andre stader.

Verda utanfor kjem nærare i vår tid enn for bare få år sidan. Dei siste 20 åra har innvandringa til Noreg vore stor. Vi har difor utfordringar med å få til ei god integrering. Familiekoret som er starta i Valle er ei slik god integrering etter mi meining, både får dei møte og delta i fellesskap med norske og dei lærer norske salmer og songar. Sjølv hadde eg gleda av å syngje Alle fugler med mine karenske elevar sist veke, og songen ljoma etter kvart i klasseromet. Eg lurer på om vi ikkje må ta Jeg gikk en tur på stien i den komande veka. Og så er det vel snart tid for å syngje Ja vi elsker, 17 mai nærmar seg med stormskritt.