Setesdalskonferansen 2010 på Rysstad

Share

Setesdalskonferansen 2010 var på Sølvgarden hotell på Rysstad. Arrangementet fekk mykje presse på grunn av tildelinga av Setesdalsprisen til Saavi S. Nomeland, som fekk eit bilete og ein sjekk på 10.000 kroner. Det kom både på Sørlandssendinga i dag tidleg og det var ei heilside i Setesdølen i dag, mellom anna.

Eg hadde høve til å vere der som representant for Valle Radio, Ørnulf Hasla var der for Hasla, han sat og i programkomiteen. Det same gjorde Tina Høgevold frå Bleieboden. I år var det rekordoppslutning om arrangementet med 70 påmelde deltakarar, så det var ganske så fullt på hotellet og i hyttene. Alle vart tekne hand om på beste måte av Inger og Trygve Rysstad, som fekk mykje skryt for satsinga si.

Det var stortingsrepresentant Svein Harberg som delte ut prisen til Saavi. Han hadde problem med å rekke fram, for flya gjekk ikkje, så han måtte stå på tog eit par timar før dei fann sitjeplass til han, og då han kom til Kristiansand, måtte han til Kjevik for å hente bilen, men til slutt kom han fram og kunne gjere jobben sin. Han har hytte på Hallbjønnsekken, så han var med vidare på konferansen medan han venta på familien, som skulle kome oppover og reise saman med han på hytta i helga.

Sjølv hadde eg gleda av å presentere Setesdalswiki for deltakarane, og eg prata med mange om denne databasen som no har 200 artiklar og som skal få plass til informasjon om stort og smått i Setesdal. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Hovedside I tillegg kunne eg knytte kontaktar med folk som kan vere aktuelle å ha med som gjester i radioen.

Tema for konferansen var sal, og vi fekk ei god innføring i viktige element innan sal. Elles var det mange aktuelle tema for næringsliv og offentleg forvaltning som vart diskuterte på konferansen, som jo vert arrangert av Setesdal Regionråd. Eit høgdepunkt av kulturell art var programmet som Kirsten Bråten Berg og Daniel Sanden Warg heldt. I tillegg til musikk på gitar og hardingfele og kveding, stod Kirsten for ei Quiz-konkurranse med lokale spørsmål frå heile Setesdal.

Eg trur nok at ein slik konferanse er nyttig for fleire enn meg når det gjeld å knytte kontaktar – nokre for å få idear til samarbeid og satsing, andre til nokon å snakke med om det dei held på med. Meiningsfylt og nyttig, slik opplevde nok dei fleste denne samlinga.