Setesdalsprisen 2010

Share

På Setesdalskonferansen på Rysstad torsdagskvelden delte stortingsmann Svein Harberg ut Setesdalsprisen 2010 til Saavi S. Nomeland. Det var ein vel fortent pris, og fleire kommenterte det i innlegg under middagen. Saavi vart intervjua av NRK Sørlandet på direkten, Svein Sundsdal var med på konferansen. På spørsmål om kva som hadde drive han til det han har gjort i 50 år, svara han “Arbeidslyst”.

I løpet av kvelden snakka folk seg imellom og om arbeidslysta til Saavi. I vinter hadde inntaket til småkraftsatsjonen på Bjørgum frose til i ein av kuldeperiodane, og Saavi tok med seg to mann opp til dammen for å varme opp og opne att. Det var så vidt dei fekk ete nista si, dei måtte gjere det medan han var nede og henta noko meir utstyr. Ingen skulle tru at han var 73 år, no har han overlete ansvaret til sønene og sjølv likar han best å sitje i gravemaskina eller ei anna maskin. -Det er ein god plass for ein pensjonist, vart det sagt. Det er og god plass for ein pensjonist å renne i alpinbakken i Brokke, Saavi stortrivst der.

Truleg hadde Setesdølen fått vite på førehan kven som kom til å få prisen, for i fredagsavisa var det ei heilside. Heile side 7 fredag 16. april hadde dei spandert på saka, i tillegg til oppslag på fyrstesida. Sigurd Haugsgjerd: Saavi Nomeland – ein sann gründer

Sjølve prisen var 10.000 kroner og eit fotokunstverk laga av Marit Simonstad Kvaale frå Bygland. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Setesdalsprisen Saavi vart noko overraska då han vart ropt fram som mottakar av prisen, han hadde ikkje fått vite noko på førehand. Det er ikkje så lett å takle ein slik situasjon på strak arm, men røynsle frå mange år i kommunestyret i Valle kom han til god hjelp, og sjølv om han vart rørt av gode ord, heldt han ein fin takketale.

Juryen hadde lagt vekt på at prisen skulle gå til ein som hadde utmerka seg på særleg vis med tanke på lønsemd, merksemd, utviklingsarbeid eller anna. Sigurd Haugsgjerd skriv at firmaet hans har hatt 30-40 tilsette i dei fleste åra, tidvis fleire. I periodar har han reist ut av dalen for å halde dei i arbeid, med åra har han hatt arbeid både i Flekkefjord og Kvinesdal og i Vegusdal og på Haukelifjell.

Sjølve jubileumsfeiringa for nomeland as kjem seinare i år.