Bokkveld med Margaret Skjelbred

Share

I kveld var det bokkveld med Margaret Skjelbred. 15 personar møtte på Setesdalsmuseet på Rysstad for å høyre den kjende forfattaren fortelje om Mors bok og andre bøker i sin forfatterskap. Ho hadde med seg bøker som ho selde, eg fekk meg eit eksemplar av Andrea D for ein hundrelapp. Pengane ho får inn, gjev ho til veldedige føremål, no for tida er det ein barneheim på Haiti som nyt godt av stønad frå henne. Over tid har det blitt opp mot 150.000 kroner, 150K som ein seier i vår moderne tid.

Foredraget hennar var veldig interessant. Ho fortalde om Mors bok, som ho ikkje hadde til sals, for den er framleis å få i bokhandel, og om sin oppvekst i indre Vestfold i det konservative kyrkjesamfunnet DELK, Det evangelisk lutherske kirkesamfunn. Slik ho skildra det, var nok Det gamle testamente meir i bruk enn Det nye, og det var ikkje lett for eit barn å høyre om dei mange konkrete truslar og bøner som er brukt der om Israels fiendar. I heimen var det ingen romanar, bare postiller i mange utgåver, og dei las og studerte dei mykje. Omvending var sentralt og tidspunktet var viktig. I denne situasjonen fann mor hennar høve til å skrive ein roman, seks små skrivebøker der ho fortel om Signe. Desse er utgangspunktet for Margaret Skjelbreds roman.

Foredraget hennar på tre kvarter var veldig interessant og gav grunnlag for ein god samtale ved kaffebordet etterpå. Det vart ikkje så mykje samtale i plenum, men mange kjende seg att i det ho fortalde. Ei pietistisk og streng kristendomsform har vore vanleg mange stader i landet. Ho fortalde mellom anna om ein kristeleg teikneserie som var den einaste dei fekk lov å sjå heime, der var Jesus i hjarta, men etter kvart tok djevelen makta med alle smådjevlane sine. Ein av dei som sat ved bordet mitt kunne fortelje at han hugsa dei teikningane frå ei bok som gome hadde i Valle, så sjølv om det ikkje var plent slik ho fortalde her i dalen, var mykje likt.

Det er artikkel om henne på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Margaret_Skjelbred

Dette var ein stopp i ein turne på 14 dagar der ho reiser frå stad til stad og held foredraget sitt på bibliotek på Agder. Sundag skal ho vere i Kristiansand, mellom anna, og neste veke går turneen rundt i Vest-Agder. Vel verd å høyre på, så om ho kjem til ein stad nær deg, bør du nytte høvet.