Arnor Hidle i Valle Radio

Share

Arnor Hidle er mannen som starta Stock AS og det var interessant å høyre han fortelje om både bedrifta og det dei leverer. Det heile starta med at han hadde drive eit firma i Stavanger. Så selde han det firmaet og kunne leve av fortenesta. Ettersom han var glad i jakt og fiske, fekk han seg hytte ved Myklevatn.

Men det vart etter kvart ikkje så interessant å gå på jakt i heia aleine, og difor kom han saman med Rysstad Laftebygg og fekk etablert eit firma som skulle levere rundstokkar og gjerdestaur. Etter kvart overtok han aleine og har utvikla ei rekke produkt.

Vi snakka ein del om ballbingar som dei har utvikla og vidareutvikla. Den første dei laga, vart sett opp ved Hylestad skule. Sidan har dei levert rundt om i landet, heilt nord til Tromsø, men mest i Sør-Norge. Det største leverte dei til den internasjonale skulen i Stavanger, ein skule som har elevar frå tre-fire år til dei er ferdige med gymnaset.

Arnold Hidle har mange kontaktar rundt om i verda. Nettingen dei brukar i ballbingane, kjem frå Tyskland. Det er av galvanisert aluminium, ikkje mange klarar å levere noko slikt. Andre idear har han fått frå USA, der kona hans er frå, og der dei tilbringer opp til tre månader kvart år.

Vi snakka og om heimesida til Stock, den syntest eg var fin og informativ. http://www.stockas.no/ Den viser og at dei har produkt som høver til aktivitetar av ulike slag. Mange av dei er det kommunar eller grendelag eller velforeningar som kjøper og set opp på dugnad. Det same gjeld ballbingane, der og idrottslag kan vere kunder. Dei er godkjente for tilskot, så ein har finansiering med 50/50, der eigenandelen og kan vere dugnad. Ein ballbinge kjem på frå 200.000 til opp mot det doble, avhenging av kva underlag dei skal ha.

Arnold Hidle hadde god tru på eit nytt konsept dei arbeider med, der dei skal inkludere elektronikk slik at dei kan kombinere aktivitet ute med notidas moderne dataspel. Første kunde for dette er Valle skule, truleg kjem det opp ein slik der i løpet av året.

Det vart ein triveleg time i radioen, og den gjekk svært fort. Innimellom spelte vi countrymusikk, men Arnold Hidle vart svært lukkeleg då han fekk høyre folkemusikk på hardingfele, det likte han spesielt godt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *