Kyrkjekamp under krigen

Share

Siste tysdagen og tysdagen før det sendte vi eit intervju som Nytt Liv Media Radio i Stavanger hadde gjort med professor Torleif Austad ved Menighetsfakultetet om kykjerkampen under krigen. Austad vaks opp i Valle, far hans var prest her under krigen, og han fortel om korleis det var vanskeleg for mange prestar under krigen, då dei sa frå seg stillingane som var løna av staten. I Valle førde det til at dei fekk halvparten av prestegardsjorda for å drive den, og med det klarte dei å halde seg med mat. Andre prestar var ikkje så heldige, mange fekk løn frå eit hemmeleg kyrkjefond og milde gåver frå kyrkjelyden.

Austad har teke doktorgrad på kyrkjekampen i okkupasjonsåra. I første del av intervjuet kjem han inn på samarbeidet gjennom Kristent Samråd og vedkjenningsskriftet Kirkens Grunn. Mange i kyrkja og dei kristne organisasjonane var i villreie då krigen braut ut. I andre del fortel han om motstand frå nazi-styret utover i krigsåra, kyrkjesøkning og kva dagens generasjon kan læra frå okkupasjonsåra når det gjeld kristenliv. Nazi-leiaren Vidkun Quisling gjekk hardare fram mot kyrkja i krigsåra enn det tyskarane ynskte, fortel Austad mellom anna.

Intervjuet er med Inge Kallestad. Torleiv Austad er pensjonert professor ved Menighetsfakultetet og har doktorgrad med avhandlinga «Kirkens Grunn» – analyse av en kirkelig bekjennelse fra kirkekampen under okkupasjonsårene 1940 – 45?. Les om Torleiv Austad på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Torleiv_Austad og høyr intervjuet hos Nytt Liv Media: http://www.nyttlivmedia.no/page.php?mtid=1&elid=946

– I møte med ein totalitær stat hjelper det ikkje med ein blodfattig kristendom. Det seier professor Torleiv Austad i intervjuet. I år er det 70 år sidan krigen starta.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *