Vakker konsert

Share

Laurdag var eg på ein vakker konsert i Sola Ruinkyrkje. Det var ein svoger av meg som fylte 70 år, og i samband med det var familie og vener inviterte til selskap. Men fyrst var det konsert. Nokre av dei stykka eg høyrde der, vil eg prøve å spele i Salmekveld i Valle Radio i morgon kveld.

Gabriels obo av E. Morricone
No livnar det i lundar av Elias Blix – kanskje andre av Blix og. Salmebloggen til Leif Haugen har meir: http://leifhaugen.weblogg.no/1189427062_no_livnar_det_i_lunda.html
Norsk dans nr 3 av Edvard Grieg – spelt på firhendig piano, det var ein fest å høyre.
Sommarpsalm (En vänlig grönskas rika dräkt har smyckat dal och ängar Text Carl David af Wirsén Musik Waldemar Åhlén). Svensk wikipedia har ein artikkel om denne: http://sv.wikipedia.org/wiki/En_v%C3%A4nlig_gr%C3%B6nskas_rika_dr%C3%A4kt
Vær ikke bekymret av Gjertrud S. Horntvedt og Sigvald Tveit
Amen! Jesus Han skal råde – folketone, spelt inn av Sondre Bratland og Berit Opheim
For solglans over land og hav
Summertime av Gershwin for saxofon og piano
Kveldssalme av Henning Sommerro og Edvard Hoem (Så stilt som)
Sonate for obo og piano, 2. sats frå opus 166 av C. Saint-Saëns om den ligg på spotify
Takk at du tok mine byrder Frikirkekvartetten – omtale på Salmeblogg – http://leifhaugen.weblogg.no/1203278478_takk_at_du_tok_mine_b.html
Då tror jag på dig av Thomas Simson og Jerker Leijon
Jeg vil gi dere fremtid og håp at V. Hansen
Lied ohne Worte nr. 1 i E-dur av Mendelssohn
Jeg vil gi deg o Herre min lovsang (finnes på Smak av himmel, spor av jord)
Bruremarsj frå Gjesdal arrangert for kor av S. Eielsen

Du har altså noko å gle deg til, sjølv om eg kanskje ikkje har alt innspelt.

Setesdalsprisen 2010

Share

På Setesdalskonferansen på Rysstad torsdagskvelden delte stortingsmann Svein Harberg ut Setesdalsprisen 2010 til Saavi S. Nomeland. Det var ein vel fortent pris, og fleire kommenterte det i innlegg under middagen. Saavi vart intervjua av NRK Sørlandet på direkten, Svein Sundsdal var med på konferansen. På spørsmål om kva som hadde drive han til det han har gjort i 50 år, svara han “Arbeidslyst”.

I løpet av kvelden snakka folk seg imellom og om arbeidslysta til Saavi. I vinter hadde inntaket til småkraftsatsjonen på Bjørgum frose til i ein av kuldeperiodane, og Saavi tok med seg to mann opp til dammen for å varme opp og opne att. Det var så vidt dei fekk ete nista si, dei måtte gjere det medan han var nede og henta noko meir utstyr. Ingen skulle tru at han var 73 år, no har han overlete ansvaret til sønene og sjølv likar han best å sitje i gravemaskina eller ei anna maskin. -Det er ein god plass for ein pensjonist, vart det sagt. Det er og god plass for ein pensjonist å renne i alpinbakken i Brokke, Saavi stortrivst der.

Truleg hadde Setesdølen fått vite på førehan kven som kom til å få prisen, for i fredagsavisa var det ei heilside. Heile side 7 fredag 16. april hadde dei spandert på saka, i tillegg til oppslag på fyrstesida. Sigurd Haugsgjerd: Saavi Nomeland – ein sann gründer

Sjølve prisen var 10.000 kroner og eit fotokunstverk laga av Marit Simonstad Kvaale frå Bygland. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Setesdalsprisen Saavi vart noko overraska då han vart ropt fram som mottakar av prisen, han hadde ikkje fått vite noko på førehand. Det er ikkje så lett å takle ein slik situasjon på strak arm, men røynsle frå mange år i kommunestyret i Valle kom han til god hjelp, og sjølv om han vart rørt av gode ord, heldt han ein fin takketale.

Juryen hadde lagt vekt på at prisen skulle gå til ein som hadde utmerka seg på særleg vis med tanke på lønsemd, merksemd, utviklingsarbeid eller anna. Sigurd Haugsgjerd skriv at firmaet hans har hatt 30-40 tilsette i dei fleste åra, tidvis fleire. I periodar har han reist ut av dalen for å halde dei i arbeid, med åra har han hatt arbeid både i Flekkefjord og Kvinesdal og i Vegusdal og på Haukelifjell.

Sjølve jubileumsfeiringa for nomeland as kjem seinare i år.

Setesdalskonferansen 2010 på Rysstad

Share

Setesdalskonferansen 2010 var på Sølvgarden hotell på Rysstad. Arrangementet fekk mykje presse på grunn av tildelinga av Setesdalsprisen til Saavi S. Nomeland, som fekk eit bilete og ein sjekk på 10.000 kroner. Det kom både på Sørlandssendinga i dag tidleg og det var ei heilside i Setesdølen i dag, mellom anna.

Eg hadde høve til å vere der som representant for Valle Radio, Ørnulf Hasla var der for Hasla, han sat og i programkomiteen. Det same gjorde Tina Høgevold frå Bleieboden. I år var det rekordoppslutning om arrangementet med 70 påmelde deltakarar, så det var ganske så fullt på hotellet og i hyttene. Alle vart tekne hand om på beste måte av Inger og Trygve Rysstad, som fekk mykje skryt for satsinga si.

Det var stortingsrepresentant Svein Harberg som delte ut prisen til Saavi. Han hadde problem med å rekke fram, for flya gjekk ikkje, så han måtte stå på tog eit par timar før dei fann sitjeplass til han, og då han kom til Kristiansand, måtte han til Kjevik for å hente bilen, men til slutt kom han fram og kunne gjere jobben sin. Han har hytte på Hallbjønnsekken, så han var med vidare på konferansen medan han venta på familien, som skulle kome oppover og reise saman med han på hytta i helga.

Sjølv hadde eg gleda av å presentere Setesdalswiki for deltakarane, og eg prata med mange om denne databasen som no har 200 artiklar og som skal få plass til informasjon om stort og smått i Setesdal. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Hovedside I tillegg kunne eg knytte kontaktar med folk som kan vere aktuelle å ha med som gjester i radioen.

Tema for konferansen var sal, og vi fekk ei god innføring i viktige element innan sal. Elles var det mange aktuelle tema for næringsliv og offentleg forvaltning som vart diskuterte på konferansen, som jo vert arrangert av Setesdal Regionråd. Eit høgdepunkt av kulturell art var programmet som Kirsten Bråten Berg og Daniel Sanden Warg heldt. I tillegg til musikk på gitar og hardingfele og kveding, stod Kirsten for ei Quiz-konkurranse med lokale spørsmål frå heile Setesdal.

Eg trur nok at ein slik konferanse er nyttig for fleire enn meg når det gjeld å knytte kontaktar – nokre for å få idear til samarbeid og satsing, andre til nokon å snakke med om det dei held på med. Meiningsfylt og nyttig, slik opplevde nok dei fleste denne samlinga.

Arnor Hidle i Valle Radio

Share

Arnor Hidle er mannen som starta Stock AS og det var interessant å høyre han fortelje om både bedrifta og det dei leverer. Det heile starta med at han hadde drive eit firma i Stavanger. Så selde han det firmaet og kunne leve av fortenesta. Ettersom han var glad i jakt og fiske, fekk han seg hytte ved Myklevatn.

Men det vart etter kvart ikkje så interessant å gå på jakt i heia aleine, og difor kom han saman med Rysstad Laftebygg og fekk etablert eit firma som skulle levere rundstokkar og gjerdestaur. Etter kvart overtok han aleine og har utvikla ei rekke produkt.

Vi snakka ein del om ballbingar som dei har utvikla og vidareutvikla. Den første dei laga, vart sett opp ved Hylestad skule. Sidan har dei levert rundt om i landet, heilt nord til Tromsø, men mest i Sør-Norge. Det største leverte dei til den internasjonale skulen i Stavanger, ein skule som har elevar frå tre-fire år til dei er ferdige med gymnaset.

Arnold Hidle har mange kontaktar rundt om i verda. Nettingen dei brukar i ballbingane, kjem frå Tyskland. Det er av galvanisert aluminium, ikkje mange klarar å levere noko slikt. Andre idear har han fått frå USA, der kona hans er frå, og der dei tilbringer opp til tre månader kvart år.

Vi snakka og om heimesida til Stock, den syntest eg var fin og informativ. http://www.stockas.no/ Den viser og at dei har produkt som høver til aktivitetar av ulike slag. Mange av dei er det kommunar eller grendelag eller velforeningar som kjøper og set opp på dugnad. Det same gjeld ballbingane, der og idrottslag kan vere kunder. Dei er godkjente for tilskot, så ein har finansiering med 50/50, der eigenandelen og kan vere dugnad. Ein ballbinge kjem på frå 200.000 til opp mot det doble, avhenging av kva underlag dei skal ha.

Arnold Hidle hadde god tru på eit nytt konsept dei arbeider med, der dei skal inkludere elektronikk slik at dei kan kombinere aktivitet ute med notidas moderne dataspel. Første kunde for dette er Valle skule, truleg kjem det opp ein slik der i løpet av året.

Det vart ein triveleg time i radioen, og den gjekk svært fort. Innimellom spelte vi countrymusikk, men Arnold Hidle vart svært lukkeleg då han fekk høyre folkemusikk på hardingfele, det likte han spesielt godt.

Onsdagskveld med ekstra godbit

Share

Ettersom eg ikkje hadde alt klart for onsdagen då eg skreiv om tysdagsprogrammet, får eg lage eit eige innlegg om det.

Onsdag 14. april 2010

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Marcel Tiedje
Telefonvakter: Ingebjør Ellinor Rysstad og Berit Homme

18:00 Aktuell time. Opptak frå påske i Brokke og om eit sylvprosjekt ved Ørnulf Hasla
19:00 Tankar frå Bibelen. Opplegg ved Håvard Viki
19:30 Kommunen informerer. Frode Buen
20:00 Haralds time med Arnold Hidle frå Stock som gjest
21:00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike

Eg har nokre av dei polske arbeidsfolka som jobbar hjå Stock som elevar måndagskveldane i norsk. Dei fortalde så levande om arbeidet at eg tok turen ut til bedrifta for å høyre om Arnold Hidle, som er dagleg leiar, kunne tenkje seg å fortelje om det dei lagar i Valle Radio. Han kjem klokka 20 og vi har sett av ein time. Det skal bli interessant å få vite meir om kva dei lagar. Ta gjerne turen innom den flotte heimesida deira for å få vite meir. http://www.stockas.no/

Teknikken, ja

Share

Teknikken fungerte i kveld, så eg hadde ei vanleg tysdagssending. Det syner seg at eg skal ha sendinga i morgon og, Ørnulf måtte på eit møte i Kristiansand og då overtek eg dei fyrste timane, og så kjem Jorunn og Kåre klokka 21 og har opi sending.

Eg skal kome attende til sendinga seinare, for eg vil fortelje om eit syn eg såg då eg skulle gå i radioen. Eg hadde vore på skolen, som er i etasjen over bibliotektet, og når eg går ned trappa, likar eg å stoppe ved vinduet, der er det god oversikt over sentrum i Valle.

Medan eg stod der, kom det ein bil med grøne skilt og stoppa framom Joker. Sjåføren plundra litt før han kom seg ut, etter kvart såg eg at det var eit barn han hadde i fanget. Eit anna barn sat i passasjersetet. Eg vart helst litt kald, for om teknikken svikta, så ville det barnet bli drept i fanget til sjåføren.

Eg var feig og gjekk innom på veslehuset før eg gjekk ut, og då var bilen borte utan at eg hadde fått seie noko til sjåføren om kor farleg noko slikt kunne vere for barnet, tilhøvet til lova får jo politiet ta seg av.

Eg har nok sett noko liknande andre gonger utan å seie noko, til dømes med traktor eller moped. Så eg må vel laste meg sjølv. Men det såg nifst ut.

Sendinga i kveld får eg kome attende til i ein seinare bloggpost. Eg hadde tenkt å nemne dette i kåseriet mitt klokka 18, men plunderet rundt oppkopling gjorde at eg ikkje kom så langt.

Teknikken fungerer att

Share

Tysdag 13. april

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld med påskesongar
19:30 Aktuelt frå kyrkje og kristenliv mm.
20:30 Postludium med Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

Eg tok ein telefon til Jørund Georg Jore for å finne ut om teknikken fungerte og han meinte at til i morgon skulle den gjere det. Dermed sende eg ovanståande til Setesdølen i dag. I tillegg hadde eg ein prat sist veke med Noreas Harald Endresen for å få hjelp til å kome inn i programbanken.no, og det klarte eg. Om eg klarar det i morgon, kan kanskje Noreamagasinet kome i Valle radio att, i så fall blir det i timen mellom halv åtte og halv ni.

Niklos hadde visst planar om å ha eit Bach-program, men det var ikkje heilt avklåra sist vi snakka samen. Han var innom meg i sist veke her i Valle, og då hadde han ikkje heilt bestemt seg kva han ville ta med.

Sjølv har eg vald å ta med noko påskesong og vonar å finne Som den gyldne sol frembryter med SKRUK og Henning Sommerros arrangement. Så blir det vel litt ulike salmar og songar, trur eg. Påskemusikken er noko av det flottaste av kristen sang og musikk, etter mi meining.

Verda utanfor

Share

Verda utanfor angår og oss i Setesdal. Eg veit ikkje kor mange polakkar det bur i Setesdal, men dei sa på TV i går at det bur 100.000 i Noreg no. Det har ført til ein heilt ny situasjon for den katolske kyrkja, som no har messer på polsk her i landet.

Dermed kom den uforståelege tragedien som ramma landet Polen til og å ramme oss. Polens president og kona og ei rekke andre polske leiarar som skulle til forsoningsmarkering i Russland 70 år etter massakren der så mange polske offiserar miste livet, omkom i flystyrt. Vi får vise medkjensle med dei polske som arbeider i Setesdal når arbeidsveka tek til i morgon.
http://no.wikipedia.org/wiki/Katyn-massakren
http://no.wikipedia.org/wiki/Flyulykken_ved_Smolensk_2010

I Thailand har dei hatt ei veke med demonstrasjonar i Bangkok. Mange kvinner frå Thailand har busett seg i Setesdal og ser nok med stor interesse på TV i desse dagar. Nokre valldølar har og fått seg husvære i landet, korleis situasjonen er for dei når det kokar i hovudstaden, veit eg ikkje, men eg hadde ikkje likt det. Så vi får vise medkjensle og interesse når vi møter kvinnene frå Thailand på jobb i morgon, anten det er i butikken eller andre stader.

Verda utanfor kjem nærare i vår tid enn for bare få år sidan. Dei siste 20 åra har innvandringa til Noreg vore stor. Vi har difor utfordringar med å få til ei god integrering. Familiekoret som er starta i Valle er ei slik god integrering etter mi meining, både får dei møte og delta i fellesskap med norske og dei lærer norske salmer og songar. Sjølv hadde eg gleda av å syngje Alle fugler med mine karenske elevar sist veke, og songen ljoma etter kvart i klasseromet. Eg lurer på om vi ikkje må ta Jeg gikk en tur på stien i den komande veka. Og så er det vel snart tid for å syngje Ja vi elsker, 17 mai nærmar seg med stormskritt.

Setesdal folkehøgskole og setesdalswiki

Share

Eg kom over ei ordveksling på Ole Birger Lien sin vegg på Facebook:

Ånund K Homme: Eg forstår ingen ting. Det er inkje-nytt, dette storhendet. Har leita etter Valle folkehøgskule i blada, med nix resultat. Har det i det heile vore noko skriveri utanom Harald H i bloggen?

Ole Birger Lien: Det er gjort noko for lite med tanke på omtale – det er nettopp dette som blir viktig framover, og ikkje minst i løpet av første skuleåret. Eg har fått inn ei sak om skulen i Finnmarken Arbeiderblad, og eitt stykke i ScooterNorge – men er begrensa kva eg kan få gjort, ein månad før eg tar til i stillinga.

No blir det interessant å sjå kor mange søknader som kjem inn på dei ulike stillingane – det er avgjerande for skulen at laget som skal drive dette fram fungerer saman, og drar i same retninga.

Det var i Valle Radio meldinga om at Ole Birger var tilsett først vart kunngjort. No har eg skrive om Setesdal folkehøgskole på setesdalswiki, der laga eg ein liten stubb om Ole Birger og.
http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Setesdal_folkeh%C3%B8gskole
http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Ole_Birger_Lien

Tanken med setesdalswiki var at ein skulle kunne lage ein database med artiklar med utgangspunkt i Setesdal. Ideen kom opp på Setesdalskonferansen 2009 og eg vart utfordra til å gjere noko med det, ettersom det var eg som hadde ideen. Det er ofte slik at den som har ideen, må setje han ut i livet og. No var eg heldig, for Helge, son min, har peiling på mediawiki,s om er programmet ein brukar for å lage ein wiki. Han hadde også ein server, så no køyrer setesdalswiki på serveren hans. Då eg starta i slutten av april i fjor, tenkte eg at vi nok kunne få 1000 artiklar på eit år. Det vart med tanken, sjølv om eg sende epost til alle deltakarane på konferansen og ba dei skrive om set og si bedrift, var det lite respons å få. Så eg vonar å klare 200 før konferansen for 2010 startar torsdag 15. april.

Då må eg nok hange i, det er meir triveleg å skrive på wikipedia, for der er det mange som hjelper kvarandre med å gjere leksikonet betre, og alltid nokon å snakke med om aktuelle emne. Så blir det til at eg skriv der i staden.

Hylestadportalane i musikk og bilete

Share

Klokka 15 ønska kulturrådgjevar Torunn Charlotte Nyborg Lund eit 70-tal tilhøyrarar velkommen til eit program med ovanståande tittel. Deretter starta det med Anne Sophie Høegh-Omdal som forteljar og med song av Kirsten Bråten Berg og slåttespel av Hallvard T. Bjørgum.

Det vart ein framifrå kveld. Kirsten sine balladar, fine bilete av Hylestadportalen, forteljing og slåttespel smelta saman og soga om Sigurd Fåvnesbane fekk nye fargar. Eg var jo kjent med den soga frå før, truleg var ikkje alle det. Men eg har fortalt soga meir enn ein gong i den tida det var Vegkyrkje i Hylestad kyrkje, til turistar frå Europa som undra seg over dei fine stavkyrkjeportal-kopiane som står i våpenhuset i kyrkja. Leonhard Jansen har heilt rett når han seier at dei er gøymte bak dørene når dei vert slegne opp, men i turistsamanheng har vi jo fortalt om dei når vi guida i kyrkja.

Programmet vi fekk høyre i kveld var urframføring av eit program som no går til alle vidaregåande skulane som eit tilbod i Den kulturelle skulesekken. Det har relasjon til fagplanar innan religion, musikk, historie og norsk. Det vart ein collage, bak aktørane var det sett opp to plakatar av portalane i full storleik. Anne Sophie svinga sverdet som ei ekte skjoldmøy, Kirsten spelte på lyre, laga som ein kopi av lyra som er avbilda på portalane.

Historia som Anne Sophie fortalde er i stor grad basert på Volsungesagaen, meir om den finn du her: http://no.wikipedia.org/wiki/Volsungesaga Det er ei dramatisk soge om kjærleik og svik og drap og har gjeve inspirasjon til både Tolkien si bok Ringenes Herre og Richard Wagner sin operasyklus Nibelungenringen. Det var og spennande å høyre korleis ein knytta sagaen om skjoldmøyane inn i dette, og då høvde Hallvard si framføring av Skjoldmøyslaget sjeldan godt. Og kva var meir naturleg å spele etter at Sigurd har drepe Regin enn Dolkaren, det ga dåm som understreka soga.

Det vart ein sjeldan interessant kveld i soknehuset på Rysstad. Og då eg høyrde at Sigurd fekk drakeblod i munnen, og difor skjøna kva fuglane kvitra, kunne eg ikkje anna enn å tenke på twitter, som betyr kvitring. No kan alle kvitre der, sjølv har eg og begynt å kvitre på twitter: http://twitter.com/HaraldHaugland Der kvitrar eg om denne bloggposten i kveld.