Påskesending skjærtorsdag

Share

Så er påskesendinga skjærtorsdag i gang. Sjølv sit eg i Mandal, og ut på kvelden vart det høve til å høyre radio, sjølv om eg ikkje skal underslå at Adam Dalgliesh på NRK1 tok ein del av kvelden.

Men eg fekk med meg ein prat med nokre som løyste rebus og etter det eg forstod, var det både tilleggsspørsmål og nok av premiar å få for dei som kom gjennom. Det vart og lese opp namn på loddkjøparar, så sendinga verka å vere av tradisjonelt merke, sjølv om det i år var fornying i programleiarstaben.

Som vanleg kom og Sigurd Haugsgjerd med oppdaterte meldingar om aktuell hendingar, mellom anna om at det var så mykje overvatn at ein skoterkøyrar ikkje kom seg over vatnet, men måtte snu.

Reklame var det og nok av, dei som stør Valle Radio, fekk namnet opplese opptil fleire gongar, og det verka som om det var nok av sponsorar og premiane var ikkje å blåse av. Så langt eg skjøna, var dei fleste gåvekorta på minst 250 kroner, nokre var på 1000 kroner og andre gåver var og av stor verdi.

På rebusen der løysinga var snøskoter var Jorunn Hermansen fyrste som løyste oppgåva, og ho fekk eit gåvekort frå ein gjevar på Rysstad. I tillegg fekk ho ein deluxe vask på bilen frå YX på Evje. I tillegg var Bodil frå Reiersvatn heldig og fekk eit gåvekrt frå ICA Hovden på 200 kroner. Ho fekk ein EU-kontroll på Valle Bil og Maskin, noko som ikkje var så høveleg, ettersom ho held til i Mandal til vanleg. Så las ho dikt om at ein på Reiersvann kan kose seg med ein pølsepinne, trivsel både ute og inne. For det fekk ho sylje frå Hasla. Og Jorunn fekk utfordringa om å svare på eit spørsmål, ho fekk spørsmål om kva for ein idrott Bjørn Dæhlie vann OL-gull i, dermed fekk ho Dagskort på Brokke alpinsenter for svaret langrenn.

Så kom ny remse med loddkjøparar, Britta Lise las til ho vart turr i munnen. Og så kom det ein ny runde med helsingar, Som loddkjøparane kom dei frå både nord og sør i dalen, så det er tydeleg at folk rundt om i regionen fylgjer med. Vel 2330 var rebusen slalomski, og så kom countrymusikk medan folk bryte dei små grå. Men bloggposten min var lang nok for i kveld, så eg avsluttar no. Logg deg på http://www.valleradio.com og høyr sjølv på sendinga, dei held sikkert på ein time til, minst.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *