Riksveg 9

Share

Eg køyrer jo Riksveg 9 kvar veke og i løpet av våren har eg tenkt at eg bør skrive noko på bloggen om kor sliten han etter kvart er blitt. Mange stader er det slik at ein vinglar frå side til side i djupe spor. Det er trafikkfarleg og lite behageleg når ein køyrer.

Mellom Homstean og Skarpengland held dei no på å lage gang- og sykkelsti ved sida av vegen. Det er eit stort arbeid, men det vert fint når dei er ferdige. Men når ein så køyrer opp bakkane frå Skarpengland, startar vingleferda. Gjennom vinteren er vegen blitt nedsliten på heile strekningen frå Skarpengland til Hægeland og ein må vere aktsam når ein køyrer der, ikkje minst når det er regn og vegen er meir glatt enn elles.

Fleire andre stader opplever ein det same, men det er nok i gamle Øvrebø det er verst, vil eg tru. Når ein no fiksar og utbetrer vegen, må ein ikkje gløyme vedlikehaldet av den vegen som alt ligg der. Ikkje alt er telehiv, noko er slitasje og kan bare reparerast med eit nytt lag med fast dekke.

Riksveg 9 er elles ein vakker veg, ein nyt turen kvar gong ein køyrer der. Det er fjell og nutar, vatn og bekker. Etter kvart møter ein og Otra i all si velde sør for Evje. Eg vart jo rimeleg overraska over at kommunestyret i Evje sa ja til å lage kraftverk i fossen, ei bygd som har ei så stor elv midt i sentrum hadde eg trudd ville ta vare på dei variasjonane som elva gjev heller enn å få nok ein dam og meir stille vassflater.

På Evje har dei ein topptur-konkurranse dei kallar Ti toppers, eg har skrive om den på Setesdalswiki, sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Ti_toppers Til no har eg skrive om Fennefossfjellet og Himmelsyna og sett inn kart i artiklane. Men Det høgaste fjellet i kommunen, Midstrandknuten, har eg ikkje funne på kartet enno, så i den artikkelen er det ikkje kart. Om nokon kan hjelpe meg, ville eg vere takksam.

Både Fennefossfjellet og Himmelsyna ser ein frå Riksveg 9, og så kjem ein til Byglandsfjorden. Det er ei perle i Setesdal både på austsida og vestsida og gjer turen gjennom dalen til ei oppleving. Men vegen tek jo noko av sjarmen frå opplevinga, sjølv om Setesdal Regionråd har sett opp sine store bautasteinar oppover langs vegen. Kanskje eg kjem attende til dei i eit seinare innlegg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *