Salmer til alle tider

Share

Når eg køyrer oppover dalen sundagskveldane, vert det ofte til at eg høyrer på NRK P1. Der er det Kveldsope med rapport frå fotball og mykje anna, og etter nyhetene klokka 22 kjem Salmer til alle tider. I kveld kunne eg sitje heime og høyre programmet som Helge Gudmundsen presenterer, for komande veke skal eg ha senilferieveka mi. Det er slutt med sendingar i Valle Radio for sesongen, så det høvde godt å ta den ferien no.

Spelelista for programmet i kveld var slik:

Takk gode Gud for alle ting
Løft ditt blikk du ungdomsflokk
Tårnhøye bølger går
Deg være ære
O Herre til hvem skulle vi dog gå hen
Å Jesus åpne du mitt øye
Velsigning, frå Missa Caritatis med Bodil Arnesen, som alltid avsluttar programmet.

Eg likar desse programma. I kveld var det ønskekonsert, det vil seie at det er lyttarane som skriv inn og ønsker seg ei salme. Det har vore det fleire kveldar denne våren. Grunnen til at eg likar programmet trur eg må vere at det som regel kjem noko som set tankane mine i sving, eit eller anna minne har ein til songane han presenterer.

Alt den fyrste songen i kveld gjorde det, for det var Takk gode Gud for alle ting, ein av songane i bryllupet til Margunn og Stein. Margunn likar den svært godt og ville gjerne ha den, og Pieter Leebeek, som var organist i bryllupet, improviserte ein flott bryllupsmarsj på melodien. No er det sanneleg snart to år sidan dei hadde sin store fest på Sandøya utanfor Porsgrunn.

Løft ditt blikk, du ungdomsflokk er ein flott sang som vi song ein del då eg var ung, både på leir og i skolelaget og på ungdomsmøte. Omkvedet: Fold det gamle merke ut, med ei gruppe som kom inn og song Fold det ut ein gong til, er eit kjært minne, men no var det lenge sidan eg hadde høyrt den salma.

Tårnhøye bølger går langt ifra land var ei salme eg lærte å kjenne i Vesterålen, truleg minnest eg ho ekstra fordi salmediktaren hadde vore hjelpeprest i Hadsel for mange år sidan, frå 1931 til 1938. Dagfinn Zwilgmeyer kom sidan til å bli buande i Arendal, der han døydde i 1979. Gunnar Elstad har ein fin artikkel om han i Norsk Biografisk Leksikon, sjå http://www.snl.no/.nbl_biografi/Dagfinn_Zwilgmeyer/utdypning

Deg være ære var neste salme i programmet. Den hadde eg med i Sangkveld-programmet sist veke då Siri Johannessen var gjest, ho lika den svært godt, fortalde ho.

Deretter song Anita Skorgan O Herre til hvem skulle vi dog gå hen, ei salme av Henry Tandberg, som nok er meir kjent for Jeg er en seiler på livets hav.

Til slutt kom O Jesus åpne du mitt øye av Lina Sandell. Vinteren 1966/67 gjekk eg på Bibelseminaret i Staffeldtsgt. i Oslo. Eg var ein av Even Fougners studentar, han var rektor på seminaret, seinare vart han biskop i Borg. Ein mandagsmorgon kom han på skulen etter å ha vore på talarferd i helga og blitt rikt velsigna, og framleis var han nok i stemninga frå møta han hadde opplevd, i alle fall så kom han til timen og sa at vi skulle starte dagen med O Jesus åpne du mitt øye. Vi studentar som bare hadde ein vanleg mandagsmorgon ba nok den bøna meir bokstavleg enn Even, augo våre var på ingen måte opne der vi stod i klasseromet og song. Til slutt begynte nokon å le, og songen gjekk i stå, og vi fortalde kvifor. Då fekk også Even ein god lått, og då vi etterpå stemde i songen, var det stor takk til Gud for opne augo til å sjå alle hans velsigningar.

Hornnes landsgymnas

Share

Dåmen av landsgymnas trur eg framleis ligg over Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hornnes, som det vel heiter no, i alle fall i tanken til vaksne folk. Eg fann ei bok på biblioteket der det var ein omtale av skulen av Olav Arne Kleveland. Boka var Gudleiv Forr og Helge Vold (red): Landgymnaset. Den kom ut i 2007 på Det Norske Samlaget.

Der står det at Hornnes var landsgymnas i vel femti år, frå 1922 til 1975. Det er altså 35 år sidan det vart vidaregåande skule. I dei vel femti åra var det mange gåverike landsungdomar som starta karrieren sin på Hornnes. Eg skreiv litt om dette på Setesdalswiki, http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Hornnes_landsgymnas og tok med nokre elevar og året dei tok artium:

* Alf Hellevik 1931
* Jens Haugland 1932
* Kristian Tregde 1936
* Gabriel Øidne 1938
* Olav Bø 1938
* Knut Mykland 1940
* Anne Gullestad 1945
* Olav Arne Kleveland 1954
* Geir Kjetsaa 1956
* Kjell Kristian Rike 1963
* Paal-Helge Haugen 1964
* Grete Faremo 1973

I tillegg til desse finn eg ved å søkje på Setesdalswiki at Bjørgulv T. Berg, Hallvard Frøysnes, Torbjørg Aamlid Paus, Bjarne Tveiten og Ånund K. Homme har gått der: http://www.eskeland.net/w/index.php?title=Spesial%3ASearch&search=Hornnes+landsgymnas&fulltext=S%C3%B8k

Det stod ikkje noko i artikkelen i boka om at elevar ordna seg heimebrygg og let det stå og gjære i ein sagmugghaug på andre sida av Dåsneselva og aktiviteten for å få det over elva då det skulle drikkast. Andre hendingar som kanskje ikkje høver så godt i ei offisiell bok, kunne ein sikkert også fått frå munnlege kjelder, men truleg var skulearbeidet ganske krevande sjølv for evnerik ungdom, så det var nok ikkje så mykje tid til sprell.

I dagane etter at eg las den boka, skreiv eg og ein artikkel om rektor Daniel Danielsen. Han må ha vore ein flittig mann. Han var geolog og skreiv fleire bøker om geologi på Sørlandet. I tillegg skreiv han Bygdebok for Dybvåg, den som heiter Dypvåg Gårds- og slektshistorie som kom i 1958. Den skreiv han saman med gymnasrektor Sophus Jenssen i Oslo, og verket var i tre bind på til saman 2394 sider. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Daniel_Danielsen

Ein kan ikkje anna enn vere imponert.

Setesdalsmuseet, Lengselens bilder og sommarsesongen

Share

Tysdagskvelden var Leonhard Jansen igjen i Valle Radio og fortalde om denne utstillinga som skal opne sundag 30. mai klokka 14. 400 bilete frå Setesdal er ein del av grunnlaget for boka som Sigrid Lien og Eva Reme si forsking la grunnlaget til. Det er lurt å gå til denne lenka, for her kan ein sjå ei nettutstilling relatert til utstillinga: http://www.uib.no/lle/nyheter/2009/08/-lengselens-bilder-paa-nett

Den levande utstillinga må du likevel til Setesdalsmuseet for å sjå. Ho vart synt i fjor i april på Hå gamle prestegard på Jæren. I vår har ho vore vist i Bergen, i sommar skal ho stå på Setesdalsmuseet, og til hausten skal ho synast i USA. Etter dette skal utsillinga plasserast permanent på det nyeetablerte museet Vestnorsk Utvandrersenter på Radøy utanfor Bergen.

Det er altså ein svært spesiell situasjon at vi kan få sjå utstillinga her i regionen. Nå på føresommaren er utstillinga bare delvis open, men i juli vil ho vere open slik museet pleier å opne for turistar. Då er det eit godt høve å sjå henne saman med gjester som kjem på besøk. Etterpå kan ein ha ein betre middag på Sylvgarden, det gjev opplevinga ein ekstra dimensjon.

Leonhard fortalde som vanleg levande om innsamlinga av bileta i 2004 og om arbeidet som er gjort etterpå. I Setesdølen i går var det eit oppslag om utstillinga, eg likte svært godt biletet av Eirik O. Nomeland som var vaktmann i Amerika.

Han fortalde og at utstillinga var så stor at ho mest sprengde arealet som Setesdalsmuseet har for slike gjesteutstillingar og at det ikkje var lett å få plass til å supplere utstillinga med lokalt stoff frå samlingane til Setesdalsmuseet, men at dei hadde funne litt som dei kunne stille ut.

Elles fortalde han at det etter kvart tek til å verte klart med alle utstillingane som skal vere opne i sesongen. Ein har minst ti anlegg som skal vere opne, og det er eit puslespel å få vaktlistene til å gå i hop. Han fortalde og at dei sommarjobbane museet har er dekte og at dyktige guidar står klare til å syne fram samlingane.

Tilbakemelding

Share

Å få tilbakemelding på program i radioen er noko av det trivelegaste ein kan tenkje seg, i alle fall når folk seier at det var interessant. Av og til får vi slike tilbakemeldingar. Eg fekk det i dag.

I går var siste tysdagssendinga før ferien, og eg hadde Siri Johannessen frå Fredrikstad som gjest i Sangkveld-programmet. Ho hadde funne songar som ho hugsa frå tida i Laget, og i dag fekk eg ein kommentar frå ein som hadde høyrt på og funne glede i programmet. Kommentaren var at eg burde vere flinkare til å seie kven det var eg hadde med meg, for lyttaren hadde lurt veldig på kven det var.

No trur eg ikkje det hadde hjelpt om eg hadde sagt det ofte, for Siri var på gjennomreise i Valle og tok sporty oppgåva med å dele nokre songar med lyttarane. Like sporty tok ho utfordringa med å fortelje litt om lokalhistoriewiki.no, ein nettstad som gjerne vil gje plass for lokalhistorisk stoff frå Setesdal og Valle. Ho ynskjer samarbeid med både museum og sogelag og andre som har lokalhistorie å formidle, folk kan kontakte meg, så skal eg setje dykk i kontakt med henne. Det ligg og brosjyre på biblioteket i Valle.

Å få positiv tilbakemelding er ein sterk inspirasjon. Ein kan leve lenge på slikt.

Program for veke 21

Share

Tysdag 25. mai

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld med Siri Johannessen
19:30 Lengselens bilder. Leonhard Jansen fortel om sommarutstillinga på museet.
20:00 Om lokalhistoriewiki og andre wiki-prosjekt. Siri Johannessen fortel.
20:30 Postludium med Niklos K. Besteland.
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 26. mai

Teknikar: Inga Flateland

18:00 Kommunstyremøte.

Det vert sending for heile dalen første fredag i juni. Det kjem vi tilbake til.

Pengar til idrett

Share

Så tapte Start i dag igjen, sjølv om barnebarnet mitt, Håkon på åtte hadde teke turen til Ullevål på fotballkamp i dag. Når eg er i Nittedal hos dei, pleier vi å gå i kjellaren og sjå fotballkamp saman. Og når han er hjå oss i Mandal, held vi god oversikt over programmet for å sjå om det er fotballkamp på TV.

Onsdag kveld hadde eg ein telefonprat med Tarald Myrum om pengar til den lokale idretten. Grunnen var at Setesdølen denne dagen hadde små notisar om at første tildelinga av pengar frå Norsk Tipping sin Grasrotandel til lag og foreningar i 2010 var komen. For idrottslaga såg lista slik ut for Setesdal og indre Agder:

Otra IL 95607
Valle IL 19128
Hægebostad IL 17123
Iveland IL 10566
Bygland IL 8242
Åseral IL 7029
Grindheim IL 4927
Bjelland IL 7060
Vegusdal IL 4151
Bykle IL 2761

Tarald kunne fortelje at Valle IL har rekna med pengar frå dette i budsjettet for 2010. Det er på om lag 700.000 kroner og 40.000 er tenkt å skulle kome frå Grasrotandelen. Difor oppmoda han folk som tippar til å registrere seg som bidragsytarar til Valle IL.

Pengane erstattar pengar som laga fekk gjennom speleautomatar før. Då desse fall bort, vart det innført eit nytt system som no idrottslag og andre lag og foreningar kan nyte godt av. Andre tildelingar for den fyrste terminen var:

Valle Jakt og Fiskelag 134
Hovden Golfklubb 2818
Hovden Sportsklubb 599
Bykle Husflidslag 51
Årdal Skytterlag 2676
Bygland skytterlag 70
Bygland Jeger og Fiskarlag 10
Austad Leikarring 995
Bygland Mållag 30
Bjelland Skytterlag 944
Girndølen Skyttarlag 992
Sveindal Museum 151
Musikkverkstaden på Byremo 2523
Mental Helse Åseral 510
Åseral Barnekor 90
Åseral Sau og Geit 60
Vest-Agder Gjeterhundklubb 10
Vatnestrøm Grendelag 5641
Iveland Unge Eldre 3219
Iveland Skytterlag 767
Frigstad og Ljosland Grendelag 375
Iveland Skolekorps 342
Hornnes Jeger og Fiskelag 10767
Evje og Hornnes Røde Kors 1865
Evje og Hornnes skytterlag 1319
Evje Bowlingklubb 987
Nedre Setesdal Rideklubb 906
Fearless Play, Evje 453
Evje Elvepadleklubb 45
Setesdal Tråvlag 19

Så kan ein fabulerer om at ein vinn nokre millionar og gjev ti prosent til klubben ein støttar.

Mild tvang

Share

Vil du ikkje, så skal du, kunne kanskje vere mottoet for Valle kommune si omlegging av gebyrregulativet for vassavgifta. -Ein kan vel kalle det mild tvang, ja, sa Torleif Homme då han fortalde om den orienteringa som kommunen har sendt ut til alle abonnentar på kommunalt vatn.

Bakgrunnen er eit direktiv frå sentralt hald om at ein bør (som i departementalt språk betyr skal) ha ei avgift for vatn som vert likna ut etter same system som for straum: Ein del som er fast og ein del som går på forbruk. Til no har dei aller fleste i Valle hatt berekna vatn etter kor stor bustad dei har. No vil det nok løne seg å få ein vassmålar og så heller betale det vatnet ein brukar.

Kommunen er no i forhandlingar om å kjøpe vassmålarar, og når dei er på plass, kan abonnentane få ein røyrleggjar til å montere. Fyrste året er det ikkje tvang, bare mild tvang, sa Torleif. Men etter kvart vil det bli dette som skal vere måten vi gjer opp for vatnet på. Så i grunnen er det bare å skrive seg på venteliste hos røyrleggjaren slik at ein kan få det når alt er klart.

Lengselens bilder

Share

Lengselens Bilder
Opning på Setesdalsmuseet sundag 30. mai kl. 14.

Av Leonhard Jansen
I mai 2004 var det mykje ståk og styr på Setesdalsmuseet. Saman med Sigrid Lien og Eva Reme frå Universitetet i Bergen hadde Setesdalsmuseet invitert bygdefolk til å sjå etter i dei gamle fotoalbumma og leite fram gamle amerikabilete. Utvandringa frå Setesdal var stor, og tanken var at ein skulle finne fram bilete som dei to forskarane frå Bergen kunne nyttigjere seg i arbeidet med å dokumentere og forske omkring denne typen fotografi.

Responsen var overveldande. I løpet av eit par hektiske dagar vart det samla inn kring 400 foto og anna. I tillegg vart det stort oppbod frå pressa, og me fekk til og med eit hyggeleg lite innslag i Norge Rundt om emnet.

Så har tida gått, og i fjor kunne professor Sigrid Lien presentere ei bok som bar namnet ”Lengselens Bilder”. Samstundes vart det opna ei utstilling på Hå gamle prestegard på Jæren av same namn. Bileta frå Setesdal har ein sentral plass i utstillinga, som forøvrig tek oss med på ei spennande reise i fotografiets verden med fokus på dei bileta som vart sende fram og tilbake over Atlanterhavet.

For ikkje så alt for lenge sidan var avstanden mellom Noreg og landet ”over there” enorm. For dei som utvandra var brev og bilete den kontakten ein kunne ha, og då med håp om at ein ein gong skule treffast att i ein annan verden. Seinare kom telefonen – men den var dyr. Dampbåtane reduserte reisa frå månader til veker. No tek det nokre timar.

Utstillinga har no vore på Bryggen Muesum i Bergen, og skal stå på Setesdalsmuseet sommaren 2010. Sundag 30. mai kl. 14. inviterer vi alle interesserte til å kome og sjå utstillinga på Setesdalsmuseet på Rysstad.


Eg vonar at det høver for Leonhard å kome i Valle Radio tysdagskvelden og fortelje om utstillinga.

Årsmøtet 2009

Share

REFERAT FRÅ ÅRSMØTET 2009

Årsmøtet var på Valle Motell 06.05.10, og frammøtet var 14 personar.

Leiaren, Ørnulf Hasla ynskte velkomen til møtet.

Innkalling og sakliste vart godkjent.
Val at møteleiar vart Ørnulf Hasla, og skrivar Inga Flateland.

Årsmelding:
Ørnulf la fram årsmeldinga, og den vart godkjent med fylgjande endringar/merknadar:
Radioen har kjøpt inn 5 opptakarar (ikkje 4).
”Andre medarbeidarar” skal stå som programleiarar.
Markere kven som er nye medarbeidarar.
Passe på å få med alle medarbeidarane.
Det vart gjeve ein blom til alle medarbeidarane til jol.

Rekneskap:
Halvor Rike la fram rekneskapet for året. Rekneskapet er revidera og funnen i orden.
Rekneskapet vart godkjent med fylgjande merknadar:
Oppmoding til Bykle Radio om å sende faktura på fellesutgiftene kvart år (straum, tono/grammo, forsikring, medietilsynet).
Antennefondet kan stå som det gjer.
Elles gjer Halvor ein god jobb med føring av rekneskapen.

Val:
Styret:
På val for 2 år:
Jørund Georg Jore, styremedlem
Inga Flateland, styremedlem
Anna Rysstad, varamedlem
Alle 3 vart attvald.

Revisor: Attval på Hallvard Holum

Valnemnd: Henri Tore Viki og Ronny Stavsholt

Kaffe/brus og pizza kom på bordet, og det vart prata om laust og fast.

Ørnulf synte nettsida, som endeleg hev kome på plass.

Til slutt synte Jørund Georg Jore ein ”smalfilm” frå flaumen i 1973, brannen på Kyrvestad 16. mai 1974 samt Vallebesøk av Per Borten. Filmen er teken opp av Olav Dølevoll.

Om joletre i mai

Share

Når ein skal lage eit radioprogram, er det alltid eit gode å finne ein person som er engasjert for ei sak. Fredag 13. november 2009 hadde Setesdølen ein reportasje om Lars Normann Birkeland på Ågedal i Audnedal som meinte at Setesdal burde satse på joletreprod. Dp tenkte eg at ein kunne resirkulere gamle saker og tok ein telefon til Lars Birkeland. Han var i fyr og flamme og ville gjerne vere med i programmet. I tillegg meinte han at konsulenten for Agder i Norsk Pyntegrøntforening, Gordon Håland, burde vere med. Og slik vart det.

I nyhetstimen klokka 18:00 ringte Torhild Sandnes opp begge to og så snakka vi om organisasjonen med http://www.juletre.org/ som heimeside. Der finn ein telefonnummer til Gordon om ein lurer på noko. Dei kunne fortelje at ein importerte 580.000 joletre frå Danmark i 2008. Samstundes eksporterte ein minst like mykje, grunnen var at norske joletrekjøparar er dei mest kresne i Europa, så joletrea vi importerer er av høgaste kvalitet, medan det vi eksporterer ikkje er så godt.

Dei to entusiastane meinte at marknaden for joletre var ubegrensa for tida. Alt ein kunne produsere av fjelledelgran ville kunne seljast til Danmark og Europa elles. Sjølvsagt ville det beste vere med kortreiste joletre, produserte i Noreg, og ikkje importerte frå Danmark. Og det er gode prisar, så det løner seg å satse på dette, meinte dei. Men landbruksjonr må omdisponerast til skogbruk, om ein tenkjer å plante på dyrka jord, så det er viktig å bruke tid i planlegginga.

Då eg sa at eg hadde fått kommentarar om kor aktuelt emnet var å ta opp i mai, sa begge at det anten er no på våren ein plantar, eller så i august, så dei som vil i gang med dette, må bare få gjort planlegginga frøst. Det er nokre arrangement for folk som er interesserte i å lære meir, det skulle vere kurs i neste veke både i Grimstad og på Nodeland, og om nokon frå Setesdal var interesserte i å kome, var dei hjarteleg velkomne.

Fjelledelgran er eit tre som vil trivast godt i Setesdal, meinte Lars Birkeland. http://no.wikipedia.org/wiki/Fjelledelgran Det er eit tre som veks naturleg i Rocky Mountains i USA, men som høver godt til joletreproduksjon i Setesdal, meinte dei.