Askefast

Share

Eg veit ikkje kor mange frå Øvre Setesdal, som er nedslagsfeltet til Valle Radio, som sat askefaste i den perioden då fly vart kansellerte, men truleg var det ein del.

Dei som opplever noko slikt, vil som regel ha noko å fortelje. På tysk heiter det “Wenn jemand eine Reise tut, dann kan er was erzählen.” Og den som opplever noko som skil seg frå den planlagde reisa, har truleg endå meir å fortelje. Eg var heldig og fekk Karin Bøe til å kome i studio og fortelje om turen som kyrkjestaben i Bykle og Valle prestegjeld hadde til Paris midt i askefast-styret.

Etter eit nokså turbulent år kunne det vere godt med nokre dagar for å ta vare på samhald og fellesskap. Difor hadde dei kome fram til at dei ville ta ein tur til Paris, og forlenge den til Taizé, eit klosterfellesskap eit par timars togtur frå Paris. Dette fellesskapet har betydd mykje for kyrkjeliv og kristenliv i heile Europa, særleg songen har tona over grensene. Slik ville dei kombinere det nyttige og inspirerande med det behagelege, å oppleve storbyen med Eiffeltårnet og andre attraksjonar er jo noko ein kan ha glede av i seg sjølv.

No vart turen nokså mykje annleis enn planen var.

Etter planen skulle folk møtast på Kjevik klokka 7 om morgonen og fly til Oslo og derifrå vidare til Paris. Men i taxien på veg ut til Kjevik denne torsdagsmorgonen fekk dei telefon om at flyplassen var stengd på grunn av denne askeskya frå Island. Karin berømma Helene Horverak, som snudde på hælen og kommanderte alle til å møte på ferja i Kristiansand og så heller reise nedover med tog gjennom Danmark og Tyskland til Paris.

I staden for å fly om Oslo, gjekk turen over havet til Hirtshals. God fart og blikkstille ver, og vel framme i Danmark måtte dei finne tog som kunne ta dei nedover kontinentet. Det vart seks togbytte fyrste dagen, og om kvelden kom dei til Hamburg, der måtte dei overnatte. Så gjekk det vidare i TGV-tog i 300 km i timen mot Paris, bilane på motorvegen såg ut som om dei stod stille.

I staden for å reise til Taize på fredag, vart det altså togtur gjennom det flate Europa før dei så kunne sjekke inn på hotellet dei hadde bestilt frå fredagskvelden i Paris.

Karin fortalde levande frå turen, eg fann musikk frå Taize for å syne kva dei gjekk glipp av. Musikken der finst på mange plater, og Spotify hadde mykje av den musikken, så det var lett å finne. Her kom
*Laudate omnes gentes
*Gloria, Gloria
*Cantate Domino
*Wait for the Lord
*Bless the Lord
mellom praten vår, så det gjekk ganske fort, den timen vi hadde sett av til dette. Meir fylgjer i morgon.