Meir askefast

Share

I går kom eg ikkje lenger enn til fyrste dagen i Paris i referatet frå turen som kyrkjestaben i Bykle og Valle hadde til metropolen ved Seine. Så eg får halde fram litt i dag, for dei hadde meir i vente, sjølv om det flotte opplegget som Helene Horverak hadde laga på førehand, måtte improviserast ein god del, etter det Karin Bøe fortalde i timen tysdagskvelden.

Laurdag såg dei på Pere Lachaise, ein kyrkjegard som ein ikkje trong klyppe plenar på, for der var det små hus, mange av dei ikkje vedlikehaldne, som prega gravstadene. Det er den største kyrkjegarden i byen og har utvikla seg til ein turistattraksjon, og det er mange kjende personar som ligg der. Norsk wikipedia har ein artikkel, http://no.wikipedia.org/wiki/Père_Lachaise med namn på mange av dei som er gravlagde der og bilete av gravminna til Rossini og Chopin.

Laurdag hadde dei og planlagt å besøke Louvre, men det vart utsett. I staden gjekk folk litt etter eigne interesser, og Karin fortalde at fordi dei kanskje skulle reise heim alt sundagen med tog om dei fekk billett, valde ho å ta turen opp til Sacre Coeur, som eigentleg var planen å besøke sundag. Her er lenke til denne flotte kyrkja på Montmartre:
http://no.wikipedia.org/wiki/Sacr%C3%A9-C%C5%93ur

Om kvelden var dei i Eiffeltårnet, heilt opp til 320 meter med utsyn over heile byen http://no.wikipedia.org/wiki/Eiffelt%C3%A5rnet og sidan med middag på restauranten i tårnet, 58 Tour Eiffel Det er ei eingongsoppleving å vere med på noko slikt.

Sundag var det planlagt to gudstenester, og slik vart det og, for det lukkast ikkje å få togbillett før tysdagen. Dermed bar det til Hillsong si gudsteneste klokka 10:30, der hadde dei fire gudstenester denne sundagen. Dei norske gjestene fekk reserverte plassar til ei gudsteneste som var prega av moderne musikk, og etterpå var det kyrkjekaffe og samtale. Deretter gjekk turen til Montmartre att, no skulle dei på katolsk messe klokka 18.00. Der var alt på fransk, og for setesdølar som ikkje var så stive i språket, var det kanskje vanskeleg å få med seg alt. Det einaste som var på engelsk, fortalde Karin, var meldinga om at gjester som ikkje var medlemmer av den katolske kyrkja, ikkje var velkomne til nattverden. Medan messa vart halden, gjekk turistar rundt i kyrkja og såg seg om.

Måndag fekk dei så høve til å ta turen til Louvre, nokre var vel og innom Notre Dame, andre nytta høvet til litt shopping. Men det var ikkje Da Vinci-kode-ruta som var interessant, det var å sjå kunstverka der. For Karin, som har studert noko kunsthistorie, var det større å sjå andre bilete enn Mona Lisa, som var bak ein glassvegg og med eit hinder som gjorde det uråd å sjå biletet på nært hald. Dei andre kunstverka var lettare å kome nær. Og det var mykje vakkert å sjå.

Heimturen starta med tog til Hamburg, der leigde dei bil og køyrde til Hirtshals. Etter nokre timars venting der kunne dei gå ombord på Super Speed og sesse seg i restauranten for eit godt måltid medan båten flaug over Skagerak. Og båtturen vart den einaste flyginga på denne stabsturen. Men å slik oppleve noko saman gav eit godt grunnlag for å gå vidare i arbeidet for kyrkja i Valle og Bykle prestegjeld.