8. mai

Share

Frigjeringsdagen 8. mai vart minna med seremoniar ikkje bare i Noreg. Vi kunne sjå på TV korleis dei britiske politikarane som nett har vore i ein hard valkamp, stod saman om å heidra dei som fall for fridom under 2. verdskrigen. I dagens Fædrelandsvennen var det eit gripande stykke om russiske krigsfangar som ikkje kom seg heim etter fangeskap på Sørlandet. Artikkelen i avisa gav eit glimt inn i ei anna tid og eit heilt anna tilvære, og ein kan undrast over korleis det ville vore om noko liknande hadde råka oss i år.

Gjennom mi skriving på wikipedia har eg av og til kome over folk som var aktive i motstanden under krigen. I går dukka ein slik person opp, Knut Johansen Lillevand, fødd 1920, død 2007. Han var student då krigen braut ut og vart arrestert av tyskarane i 1944, men unngjekk deportering og kom seg fri. Då flykta han til Sverige, som så mange andre i dei åra, og vart med i motstandsarbeidet derifrå. Under krigen flykta om lag 50.000 frå landet, dei fleste til Sverige, men frå Vestlandet drog og nokon til Storbritannia direkte. Dei fleste kom heim att då krigen var slutt, det gjorde og Knut Johansen Lillevand. Han fullførte studiene sine, hadde eit år som lærar i USA og eit år som statsstipendiat i Frankrike før han vart konsulent i Gyldendal Norsk Forlag.

Men alt i 1949 fekk han ei stilling i Kortbølgen i NRK, og sidan var han i NRK i 40 år til han gjekk av med pensjon i januar 1990. På den tida gjorde folk teneste i fleire avdelingar, men i 1958 kom han til Radioteatret, og der vart han verande, litterært interessert som han var. Han gjorde mykje for å utvikle høyrespelet som sjanger i radioen og skaffa seg etter kvart eit stort nettverk av kontaktar i andre land sine radioteater. Har du høyrt Radioteateret i perioden fram til 1990, har du nok høyrt program som han hadde ein finger med i. Du kan lese meir om han her: http://no.wikipedia.org/wiki/Knut_Johansen_Lillevand

Slik gjekk det med dei fleste som var flyktningar under krigen og som kom heim att, dei fann seg jobbar og levde sine liv med dei oppgåvene dei hadde for å byggje landet etter åra med ufred. Ikkje alle klarte overgangen like godt, alle var nok prega av krigen for livet. I eit intervju NRK1 hadde med Tikken Manus refererte ho mannen Max Manus, som jo hadde stått for store bragder under krigen, men som meinte at ein måtte gjere alt ein kunne for å unngå at noko slikt skulle hende att.

Det er ikkje vanskeleg å støtte det synspunktet, ikkje minst når ein har eit barnebarn som fyller eitt år i dag. Gratulerer med dagen, anten du feirer bursdag eller frigjeringsdag.