Mild tvang

Share

Vil du ikkje, så skal du, kunne kanskje vere mottoet for Valle kommune si omlegging av gebyrregulativet for vassavgifta. -Ein kan vel kalle det mild tvang, ja, sa Torleif Homme då han fortalde om den orienteringa som kommunen har sendt ut til alle abonnentar på kommunalt vatn.

Bakgrunnen er eit direktiv frå sentralt hald om at ein bør (som i departementalt språk betyr skal) ha ei avgift for vatn som vert likna ut etter same system som for straum: Ein del som er fast og ein del som går på forbruk. Til no har dei aller fleste i Valle hatt berekna vatn etter kor stor bustad dei har. No vil det nok løne seg å få ein vassmålar og så heller betale det vatnet ein brukar.

Kommunen er no i forhandlingar om å kjøpe vassmålarar, og når dei er på plass, kan abonnentane få ein røyrleggjar til å montere. Fyrste året er det ikkje tvang, bare mild tvang, sa Torleif. Men etter kvart vil det bli dette som skal vere måten vi gjer opp for vatnet på. Så i grunnen er det bare å skrive seg på venteliste hos røyrleggjaren slik at ein kan få det når alt er klart.